Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Far ög; og han vilde ikkje vita av henne lenger. Det
var ikkje godt aa vita köss det skulde gaa. Fru Kahrs
syrgde yvi Josefine. Slik ei gild, hugsam jente; hennar
Ulykke var visst den, at ho hadde havt ei altfor streng
Uppaling. Naar eit slikt Barn endeleg slapp ut or den
harde Tvangen, forstod det liksom ikkje rett aa brüka
Fridomen sin.
Gud, for ei søt Dame Fru Kahrs var; ho tenkte so
godt um alt; og alt forstod ho. Til henne maatte ein
kunna fortelja kva det so var. Ho tala mykje um Mor
ög. Du skal ikkje døme strengt um Mor di, Fanny,
sagde ho; Verdi hev vori hard imot henne, veit du; og
inging av oss toler mykje av Hardleik og Mismæting.
Me vert beiske av det. Mange hev ingi onnor Raad enn
aa gjera seg harde og taka det lett. Aa ja, me treng til
aa døme mildt um kvarandre; Live er so underleg
hardført.
Stundom tala ho um Teatre. Fanny hadde tilstadi at
ho vilde bli Sködespélar; og Fru Kahrs tok dette
aalvor-samt. Ja-ja, sagde ho, det kann godt hende du hev
Gaavur til det, Fanny; du maa berre lære aa forstaa
kva du skal gjera paa Spél-tile. Det er ikkje berre til
Gaman, veit du. Me skal forklaare oss for kvarandre;
berre Folk rett lærer aa kjenne og skyna kvarandre, so
vert dei gode mot kvarandre, og so vert Live ljost; men
det er det, ein Kunstnar betre enn nokon annan kann
gjera: læra oss aa forstaa kvarandre. Sködespélaren
kanskje mest. Han skal stelle fram Menneskje for oss,
so me ser det og forstend det; han skal lære oss aa
vera forsonlege mot kvarandre. Daa gjer han likso
mykje godt fraa Tile som Presten fraa Preikestolen.
Fanny lova seg sjølv aa hugsa dette; ho kjende, at det
var sant. Og so var det so fagert. —
— Daa Aare var ute, var der av dei 24 Dalane ikkje
175
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>