- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
179

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Merg og Bein, sleit seg gjenom Nervune som skjemde
Knivar; ho jamra, skar Tennar, grét; huff; kva tru det
no var. Bet var reint gali med han. Han skreik so han
var blaa, sveita so det perla um Panna hans. Ho fekk
han upp og stelte han. Klædde av han; vaska han der
han var saar; strødde med Eplemjøl, gneid med Olje;
so hadde ho reint Ty paa han og gav han Pulver; han
skreik. Ho reidde upp Vogga fraa nyo; gjorde ho mjuk
som eit Reir av Dun; — nei. Laga ei ny frisk Flaske;
— nei. Han skreik. Ho tok han upp og bar han; bar
han paa Armane i Kortervis; rugga, bysja, song, grét;.
endeleg dorma han av i ein Døs; so freista ho leggje han
men daa vakna han att. Ho orka ikkje bera han lenger;
sette seg paa ein Stol og huska han paa Fange; paa nytt
dorma han av; i same Stundi sov ho og heldt paa aa
sleppe Ungen.

Ho var fyirsagd aa vekkje Lea, um noko kom paa;
eit Par Gongir gjorde ho dette. Guten hadde vorti so
rar; blaableik og stygg; Augo hans rengde seg; ho
trudde det kunde vera Krampe. Men det var ikkje noko.
Det var berre Magen. Ho hadde ikkje turvt vekkje Folk
upp av Nattesvevnen sin for den Skuld. Sidan lét Fanny
Syster si sova, endaa um det kunde sjaa stygt ut ender
og daa. Var det inga Raad med Guten, so lagde ho han
i Vogga og lét han skrike. Ho var so trøytt daa, at ho
sov trass i alt. Det vart ein vond Svevn, full av
Sam-vitsagg og sveitedrivande Draumar; men ho sov. Ut
paa Morgonen var Guten roleg eit par Timar, so vidt
Fanny kom seg nokorleis i Lag att; men Klokka fem
var det slutt; daa laut ho upp anten ho peip eller song;
hu; daa var ho so arg paa Ungen at ho kunde kverke ’n.

Det var um Fyrimiddagen Guten helst sov; daa var
det som ikkje noko vanta. Men daa laut Fanny nytte
Tidi og vaske Tye hans. Dessimillom sat Lea i Barne-

179

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0181.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free