Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
nok den, han her skulde faa. Det var ein litin rar Fyr,
mager, ljos, ikkje reint ung, fælande vigtig; han gjekk
med Nos i Sky og sagde visst alt han hadde Hug til.
Kanskje det var det som var aa vera Vinstremann: aa
ikkje vera so mjuk og pen som dei andre; det kunde no
ikkje vera so gali kor som var. Men at han gjekk
slurveleg klædd var ikkje huglegt; minst kunde Fanny
finne seg i den halvreine Snippen hans; og det var fælt
av han at han ikkje brüka Handkragar. Men kanskje
det ög var vinstremanskt. Ein Ting var viss, og det
var, at han kunde ikkje vera noko tess, dersom det
gjorde nokon Mun paa han, det Snakke som han her
fekk høyre.
Det var nok helst Tollaren som skulde telja for han;
i Vissa kunde Tollaren knapt sjaa han, fyrr han tok til
og spea um «Vinstremennane». Men den vesle Studenten
var slett ikkje so greid; han beit fraa seg, og det rett
skikkeleg. Med sitt tunne skrale Mæle svara han so det
small. Ein Gong var han nok reint leid med Dauden i
Lybekk. Tollaren kom med nokre Sneidur um
«Smaa-folk, som vilde upp», og noko som han kalla
«Parvenyar» ; han sagde det soleis, at Uchermann tok det til
seg. Nei nei, svara Uchermann; Far min var korkje
Olavsriddar eller noko anna stort; men det hev daa
Gudskjelov endaa ikkje vori Naud paa aa faa Son hans
innberga i Tollverke! — Tollaren tagna med ein Gong.
Lea saag med store Augo paa Studenten; Thorseng tok
til aa tala um noko anna.
Dei Kveldane det var Lag, og naar Kvende og Karar
hadde skilt seg aat, heldt Uchermann seg i Kvenderome,
av di han ikkje spela Kort. Daa kunde det mest bli
morosamt i Kvendestogo. Dei ordskiftest. Damune torde
ikkje halde med Uchermann i nokon Ting, av di dei
visste at han skulde hava «Synsmaatar»; dei lagde imot
181
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>