Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
han, um han var aldri so vitug. So vart han vond og
kunde segja deim gilde Ting. Ein Kveld kalla han deim
Husdyr; daa storlo Fanny. Nei men Uchermann! bad
Lea. Ja kanskje det skal vera Mennskjeliv slikt, heldt
han fram, — gaa alle sine Dagar i ein Kjøk og koke
Graut, og so av og til føde Husbond eit Barn... skal
det vera eit Menneskjeliv! Dei maa bli styvne! —
Damune vart so forstøkte at dei sagde ikkje eit Ord
meir.
Ein Dag laga Fanny det so, at ho fekk han burt i ei
Kraa for seg sjølv; ikkje gjev Dykk, Uchermann! sagde
ho. Han vart heilt forstustra: gje meg? Kva meiner
De? Ho raudna; ho visste ikkje kva ho meinte. Ja eg
trudde... er De ikkje Vinstremann ? — Jau lat gaa. —
Ja er ikkje det mykje meir Moro enn ... Desse andre er
so keidsame, tykkjer eg; ikkje gjev Dykk! Ho sprang
sin Veg, og beit seg i Lippa, so skjemd var ho. Uff!
Styvingskap. Kva hadde ho havt med dette aa gjera?
Han maate tru ho var ikkje rett i Hovude!
Men heile Kvelden sidan var han ille uvyrdin. Han
paastod at Damune dugde ikkje til aa ala upp Born
heller. Kor skulde dei ha lært det helst? — Fraa Verdi
var skapt hev dei vori utanfor Aandsutviklingi, av di
Mannfolki lika so godt at dei var barnslege; er det
kanskje nokon som trur at Born forstend seg paa
Barne-uppfostring? Han smilte, lite skakt; Kvendi var so
sinna at det spruta av deim.
Sidan kom ikkje Uchermann til Thorseng oftare. Men
til Jol fekk Fanny ei Gaave fraa han. Det var ei Bok;
«Kjærlighedens Komedie av Henrik Ibsen» heitte ho.
Fyrst i Boki var det skrivi med ei lita sped Hand: «Til
min Valkyrie.» Uff, kva er det? lo Fanny.
182
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>