- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
183

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

XV.

Endeleg.

Prøvetidi hadde vori lang. Fanny hadde alt gjevi Voni
fraa seg. Gamle Houen hadde gjengi og tagt som ein
Mur i Maanadsvis. Klædi hennar rivna i alle Saumar,
og Styvlane datt av Føtane hennar Lapp etter Lapp;
han tagde. Ho hadde ikkje tordt spyrja heller. Det var
greidt: han hadde ikkje Bruk for henne. Ho dugde vel
ikkje til nokon Ting. Fyrr hadde Folk gjengi og innbilt
henne at ho var flink; no var det ingin som hadde Bruk
for henne. Kvar Gong ho skulde spyrja, miste ho Mode.
Skulde ho bli burtvist no, so vilde alle Vonir slokne.

Heime tok ho Mor til aa murre og hæde; du med din
Dugleik —; du, som er so kry —; rart at det ikkje skal
gaa fljotare for deg, som er slik ei Stasgjente! — Det
pinte henne visst fælt aa vera fatig. Naar det galdt
Pengar og Penge-Verd, var ho mest altfor nisk.
Meistar-sveinen hjaa Schulze kom med Gaavur stundom enno;
Fanny totte det var leidt og tala frampaa um aa segja
nei; ver ikkje ør; tak imot! sagde Mor hennar. Ein
Kveld hadde Fanny vori hjaa Schulze til Te. Gamle
Schulze var galant og fylgde henne heim; daa dei skulde
skiljast, slog han paa at ho kunde gjeva han ein Kiss,
so vilde han for det gjeva henne ei fin, svart Moff’e.
Fanny kom heim og lo og fortalde det. Ho Mor lo med.
Men so sagde ho: pøh, kunde du ikkje ha gjevi’n den
Kyssen daa ? — Det var so halvt Skjemt... Fanny
gøymde seg i den gamle Sofaen og gav seg til aa
graate. —

Det var ikkje greidt for ho Mor heller. Ho fekk vondt
i Augo av all den Saumen, og Hovudverken elte henne
mest som i gamle Dagar. Ho kunde ikkje vera so plent
som fyrr; ender og ei av Vénune gjekk fraa henne. I

183

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0185.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free