- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
184

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det seinste hadde ho löti stydja under med
Krambu-saum; det var no reint aa tyne seg. Um ho sat heile
Dagen og halve Natti med, kunde ho ikkje tene meir
enn ei Mark eller so, ei Mark og seks, naar det kom
høgt, «ei Krone» som det no skulde heite; men hadde
ho paa den maaten tent ei Krone den eine Dagen, so
hende det at ho Dagen etter maatte halde Sengi. Nei;
det gjekk ikkje. Det maatte bli ei Raad. Kunde det
ikkje laga seg paa annan Maate, tenkte Fanny, so fekk
ho i Guds Namn ste seg til Tenestgjente.

–Og so hadde gamle Houen berre spurt, um ho

vilde vera fornøgd med 25 Kronur um Maanaden. Um
ho vilde vera fornøgd?!

Fem og tjuge Kronur, seks Dalar ei Mark og seks ...
tjuge Dalar Kvartale... tri hundra Kronur um Aare;
— um ho vilde vera fornøgd!!

Ho kunde ha teki den gamle Graaskjeggen um Halsen
og kysst han. Ikkje aa nemne at han attpaa alt hadde
sagt «for det fyrste» ...

Det var ikkje med Maate so gildt som det var. No
kunde ho greide seg sjølv og hjelpe ho Mor attpaa.
Betala Skuldi si, bli fri, bli fri. Aldri meir liggje til
Tyngsle for andre. Og so endeleg ein Gong faa gjera
ho Mor lite glad. Stakkars Mor; lengi nok hadde ho
sliti; det kunde vera paa Tidi no at ho fekk det eit
Grand lettare. Gud! som Verdi vart fri og ljos; Gud!
som her vart trygt og Rom til aa snu seg. Krambutrøytt
som ho var dansa ho til Hægdehaugen den Kvelden; og
daa ho Mor klappa henne paa Kinni og sagde at ho var
glup Gjente lel, maatte ho endaa ein Gong burt i den
gamle Sofaen... ho hadde so harmeleg lett for aa
graate. —

— Men noko hugsamt var det ikkje i Krambui. Ho
var syttan Aar; det unge Blode gjekk henne gjenom

184

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0186.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free