Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Kroppen i heller urolege Bylgjur. Ho trong um aa vera
fri, vera med, sveive seg, svinge seg; trong um aa sjaa
og bli sedd, aa like og bli lika; Rome hennar var millom
Folk som kunde læ, i glimande Salar der ein kunde vise
seg og gilde seg; ho trong Sol, Ljos, Luft, Liv; og so
skulde ho staa burtgøymd attum ein Disk, i Dimme og
Dumbe og bundi til ein Flekk, bundi som i Trældom fraa
Morgon til Kveld, med ein Time Middagsfritt. Ho hadde
tenkt aa halde ut hjaa Houen i eit Aars Tid eller so;
men so vonlaust lange som Timane vart kunde ho ikkje
alltid forstaa, kor ho skulde kunna klara det.
Den som endaa kunde hava ei Bok med seg. Eller
um det ikkje var anna enn ein Bunding, ein Krotsaum,
noko aa stelle med i dei lange Fristundine; noko som
kunde faa henne til aa gløyme Klokka. Men nei. Ein
fekk ikkje so mykje som setja seg nedpaa. Hadde ein
ikkje noko aa gjera, so skulde ein finne seg noko aa
gjera; daa visst maatte ein halde seg uppe; for
Husbond kunde koma naar det var; og elles maatte kvar
som kom inn i Bui faa ei Kjenning av, at i denne
For-retningi hadde ein ikkje Stundir til aa leta seg. Det var
aa skipa i Hyllur og Skaap, flytja, skilja, turke burt
Dumbe, telja upp og mæle upp, vera i Rørsle so lengi
ein kunde, og sidan staa; drive paa og staa, men sjaa
ut som ein nettupp hadde teki seg ei Kvild; staa ein
halv Time paa den eine Foten, og so ein halv Time paa
den andre, og so byte um att; draga ut ei Skuffe i
Disken kanskje, til aa stydja Knée mot, men staa; staa
til Lémine gleid liksom fraa kvarandre og Hovude vart
susande tomt. Tidi fraa 8 um Morgonen til Middag var
plent endelaus. Jau; so kom det ei liti Gjente; skulde
ha ei kvit Snelle Nr. 30. Jau; Versogod. Ti Øre; takk.
Ikkje noko anna i Dag daa? — Adjø. — Klokka var
det same. Klokka vart verande det same. Gjekk ho
185
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>