Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Bonden alt det ein hadde av det Slage. Nei; han kom
attende til det fyrste; det var det han vilde hava for
billegare Pris. Ein laut tinge i det endelause. Aldri
trøytne. Ein visste at Bonden gjerne kunde faa Vara
for 16 Øre; Husbond vilde tene, um ho so vart seld for
15; men ein var nøydd til aa halde paa 20 likevel, heilt
til Kauparen snudde Ryggen... Ja-ja, tak det for 19
daa. — 17, sagde Bonden og stana. Naa, Herregud; lat
det gaa for 18; so tenar me ikkje ein Øre sjølv, men
Handelen maa gaa, veit De ... Kor mykje skulde det
vera? — Tvo Alnir. — Naa! tvo Alnir... Versogod.
Ikkje noko anna i Dag daa?
Uff; — Men Gudskjelov; der hadde ein daa fengi
Ende paa ... Kva Slag? Ikkje meir enn tjuge Minuttar?
Nei; her var ikkje hugnadsamt. Men eit Aar maatte
ein vel alltid kunna halde ut likevel; Jomfru Stange, ho
som var her fyrr, hadde haldi ut i trettan Aar, ho.
Tenk; trettan Aar. Men so hadde ho vori ferdug au
daa. Det var ikkje att anna enn eit Beinrangel av
henne — og eit Par Brillur, som Junior sagde —; og
so hadde ho gift seg med eit gamalt Troll paa 68 Aar,
som Fanny ikkje vilde ha rørt med ei Eldtong. Eg
skulde gjerne gifte meg med ein Vadsekk, hadde ho
sagt, berre eg kann koma ut or Krambui!
Det var ei Dame til her, Dorthe Baltzersen; ho hadde
haldi ut i tvo Aar. Det var ei hugsam Gjente; men ho
var gudeleg. Dette gjorde at Fanny ikkje kunde gjera
seg fullkjend med henne; for skulde ho det, so maatte
ho bli gudeleg sjølv. Og det kunde ho ikkje no; ho vilde
ikkje gjeva upp Teatre. Som vel var tala Dorthe ikkje
mykje um det gudelege, so Fanny kunde hava eit Grand
Umgang med henne endaa.
Mannfolki paa Bui var ikkje stort aa bry seg um.
Ils-næs, Fyrstemannen, var yvi tredive Aar og gift; Upp-
187
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>