- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
189

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kunna gaa kvar ein vilde og naar ein vilde; ikkje hava
nokor Klokke yvi seg, som mana ein til Flekken; Gud,
kor godt ho i Grunnen hadde havt det fyrr! No fekk
ho lite seg med aa glo paa deim som hadde det godt,
no. Nei sjaa; der var Grete. Sjølvsagt: Boki under
Armen; no hadde ho vori i Leigebiblioteke att. Der
kom Frøken Bull og Frøken Broch; dei skulde i Buine;
sæle Folk! — Kven var det? Ved Gud; Pastor Holck
og Frue; tenk han gjekk i Tullup og Utanpaastyvlar,
ikkje kaldare det var. Jau; lognt kunde ein ha det.
Ein Gong køyrde Kristian Thorseng framum med Kona
si... tenk, den Tjukken hadde ho ein Gong vori glad i!
— Ender og daa saag ho William; han var Student no,
bleik og forlesin; tok seg elles godt ut med Duskeluve.
Uff, alt dette gamle Barnetull. Undrast paa kor mange
Gongir ho hadde vori hugteki fram-etter Aari? No,
daa der kunde vera Meining i det, var ho visst ikkje
glad i nokon. — Nei men kven var no det daa... den
vesle nauende fine Dama i svart skinnsett Kaape og
Kosakkluve ... Nei sjaa vezle Emilie Lund! lespa Junior;
nei men jagu er ho søt, ja! Er det ikkje for gali, at
den skarve Sakføraren skal hava slik ei Frille daa? —
Sakføraren? spurde Ilsnæs; eg trudde det var ein
Kaptein, eg. Baae Slagi, baae Slagi, svara Junior; Emilie
tenkjer som so, at det kann ikkje bli for mykje av det
gode! — Ja men gjeng det? — Gjeng? Kor daa? —
Ryk ikkje Sakføraren og Kapteinen i Luggen paa
kvarandre av og til meiner eg ? — Snilde Ilsnæs, dei er samde
og vel forlikte um den Ting. Emilie Lund vart for dyr
for Sakføraren, ser De, og so lét han Kapteinen faa
Helvti i henne ... ja... Saa blev de alle tre saa vel
tilfredse; ak gik det saa i denne Verden stedsel

Kva er det De snakkar um? spurde Fanny stirande.
Jau det skal eg segja Dykk, Jomfr—øken; Emilie Lund

189

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0191.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free