Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
hev tvo Mennar; er det so rart? Kjenner De Emilie
Lund? — Fanny fann noko aa stelle med burt-ved
Hylla; kor skulde eg kjenne henne ifraa? spurde ho.
Omforlatels, Jomfr—øken; De spurde so forviti, totte
eg; men kannhende det er ein av Herrane De kjenner?
Sakføraren? Kapteinen? — Naa, Herregud; det var eit
Spursmaal; ein kann vel ikkje forspyrja seg?
— Sogo um Emilie gjorde Fanny rædd.
Den Vegen kunde det daa gaa; og det med Gjentur
som Emilie.
Den kvike, fagre, gilde Gjenta; i Grunnen so god,
berre eit Grand vill... like i Rennesteinen, like i
Rennesteinen. Gud i Himmilen... det var som Vegen dit ned
vart so forvillande stutt.
Emilie gjekk um Krambui kvar Dag; ho budde vel
einkvar Staden i Nærleiken. Fanny trotta ikkje aa sjaa
henne meir. Ho hadde vorti urein for henne. Det lukta
simpelt av den fine Bunaden; det kunde ikkje vera reint
Underty under den. Saur, Saur var det, ho gjekk i; ho
hadde pynta seg med Skammi si og dekt seg med si
Vanære. Men fram or Ureinska kikka det vesle søte
Barneandlite enno fram, lite bleikare enn fyrr, med eit
Mod som var tilgjort.
Fanny fekk graateridir. Ho kunde ikkje faa Emilie
fraa seg; tenkte paa henne fraa Morgon til Kveld; saag
henne um Natti i vonde Draumar.
Ho saag henne drukne og kunde ikkje berge henne;
saag henne skamfarast og kunde ikkje hjelpe. Men som
oftast drøymde ho at ho gjekk saman med henne. Ho
hadde sjølv vorti ei slik. Og dei gjekk upp og ned
Karl-Johansgata i skitne, usømelege Klæde og hadde
Mugen etter seg. So kom Vénir og Kjenningar; saag
dei, sputta etter dei, gjorde skræmelege Faktir... aah,
aah... Fanny! du maa vakne; du drøymer visst; —
190
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>