Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
hadde berga seg fint. Tom var heller ikkje verst; han
hadde gift seg med Tenestgjenta si der burte og livde
folkeleg; arbeidde ved ein Jønnveg og hadde Von um aa
koma seg upp; det var styvelegt av henne aa gaa her
og pine seg med slikt-noko. Ein annan Ting var det
med Emilie; ho hadde ei laak Mor ög, ho, til aa
ættast paa.
— Jomfru Thorsen var komi til Byen; ho hadde gjort
det daalegt med Delikatessehandelen sin og vilde freiste
no aa bu i Kristiania og ha Loserande; ho kom til Mor
med Helsingar fraa Kristiansborg. Det var ein Sundag
Fyrimiddag i Marts; ho sat og drakk Kaffi og skarra
paa r’en sin ein heil Time.
Sakførar Lehmann var sjuk; Fru Mühlberg gjorde det
godt med Hotelle sitt; Bokbindar Lundstrøm hadde gift
seg med Hushaldargjenta si; Gamle-Kari gjekk og
staaka og lo som fyrr; ho sakna Fru Holmsen svært;
aldri hev eg kjent so hyggjeleg ei Kjerring som
Margrethe! sagde ho. Men ho hadde søkt Skadebot hjaa
Fru Thorne; ho er ikkje so vand paa det, ho
Gamle-Kari! — Nei nei; men eg lika henne godt likevel, eg,
sagde ho Mor; ho var so lettliva. — Ja; ho læt det
ikkje røyne for hardt paa seg; ho tek Verdi som det
feil, ho. Ho hev visst mange Slags Ærend aa gaa.
Jamenn hender det at ho er ute og fér og kjem heim att
med eit Barn i Fange; ho hev nok skaffa meir enn eit
Barn Foreldre, ho. — Aa ja; det er ikkje Gull alt som
glimar... lite Kaffi til daa, Jomfru Thorsen ? — Seg
meg, korleis hev dei det hjaa Proprietær Storm no? —
Som dei sat der kom Onkel Solum. Nei Goddag! ropa
Fanny og spratt upp; det kallar eg ein Braafagnad! —
Goddag, Fanny; Goddag, Mar—fru Holmsen ... Onkel
Solum var eit Grand brydd. Goddag, Herr Solum, svara
ho Mor — ho var eit Grand brydd ho med —; er so
13 — Garborg II.
193
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>