Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ingin Stad var det einslegt nok i Dag; all Stad var
det Folk. Fanny gjekk or Vegen for deim, rømde for
deim; dei maatte ikkje sjaa henne. Dei vilde sjaa det.
Dei vilde skyna det. Alt myrkna ikring henne; øvst
uppe sat Gud og var vreid; ho kjende Augo hans i
Ryggen som ein Kalde. Tankane trengde paa og vilde
taka Vite; ho torde ikkje tenkje, men kunde ikkje lata
vera; Mor, Solum; Mor, Solum... Ho maatte finne Folk.
Men ho hadde ingin aa finne. Det var ikkje ein ho
torde gaa til no. Og Gud hadde ho gjengi burt fraa;
Gud var henne vond. Aa, kor skulde ho av; kor i alle
Land skulde ho av; no var ho meir raadlaus enn den
verste i Verdi.
Kyrkja? Gaa til Kyrkja og gøyme seg burt i ei Kraa
der ingin saag ho; leggje seg paa Kne og beda til Gud;
beda, graate, ty seg inntil han; segja honom alt, ty seg
tett inntil han; no var ho i Naud, no maatte han hjelpe
... aa Gud, lat det ikkje vera sant! aa Gud, lat det
ikkje vera sant! — og no vilde ho aldri forlata han;
aldri, aldri...
Ho torde ikkje gaa i Kyrkja heller. Dei vilde glo paa
henne; sjaa at der var noko i Vegen; tru at ho var fraa
seg, nei; ikkje i Kyrkja heller var der Fred aa faa. Men
ho kunde ikkje vera aaleine. Med eitt kom det Styre i
Gonga hennar; ho stemnde ned-yvi mot Byen. Dei
stillaste Vegane ho visste valde ho; og ho gjekk so snøgt
at det mest vart Sprang. Um eit Bil banka ho paa hjaa
Kjenningen sin fraa Krambui, Dorthe Baltzersen.
XVI.
Um Kvelden fylgde ho Dorthe paa Samling.
Ein reisande Missjonær tala i Frimenigheiti; han
hadde Anden i forunderlegt Maal. Han tala heile
Kvelden berre til Fanny.
195
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>