Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vite at du hev sviki han? Var det ikkje likare aa gaa
stad og gjera det godt att? Du trur kanskje han er
tykkin? Veit du kva han sa til Petrus? Petrus hadde
vori vesall imot han: fælt stakkarsleg og vesall hadde
Petrus vori imot sin Meistar og Vén; so kjem han og
vil gjera det godt att... Daa var vel Jesus vond ? Han
vilde vel ikkje sjaa til den Sida der Petrus gjekk? Veit
du kva Jesus sagde? — Han sagde berre ein einaste
Ting, men det sagde han tri Gongir: Simon Petrus,
elskar du meg. Elskar du meg? han spurde ikkje um
anna. Kva bryr eg meg um dine Sviksverk og alt det
der; —- elskar du meg? det er Tingen. Gakk av og elsk
han; alt det andre du kann hava fari med i ditt
stakkarslege Liv, det hugsar han ikkje, det veit han ikkje
um; elsk meg, segjer han; og det forsikrar eg deg til:
kom berre so vidt inntil han at du kann sjaa han, so
elskar du han; du kann ikkje anna enn elske han; han
er den fagraste av Menneskjeborni.
Fanny sat og grét heile Kvelden. Ho grét til ho hadde
graati seg trøytt; og daa ho gjekk heim fraa Møte, var
ho i Naadestande.
Sidan gjekk Dorthe og ho paa Samlingar kvar Kveld.
Dei gjekk hjaa Metodistane, Hernhuttane, dei
nyevange-liske; dei var hjaa Adventistane, Irwingianarane, ja
tilmed hjaa Mormonane; sistpaa slog dei seg til Ro i den
vesle Ansgarmisjonen, der ein velsigna Guds Mann som
heite Andersson preika; der lika dei seg best lel,
totte dei.
Ansgarmissjonen var svensk; Andersson var
Stor-Apostelen. Han var Sadelmakar fraa fyrstunde; utantil
var han ikkje mykje sjaaleg; og Mæle hans var haast.
Men naar han tala, gløymde ein alt slikt. Det var ein
Eld i Ordi hans, som tok og mest tryllte; og han hadde
ein Kjennskap til Mannahjarta som ingin kunde hava
197
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>