Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
det vanta eitt: den hugheile Vedkjenning. Det var
raad-laust for henne aa staa upp i Forsamlingi og vitne um
Jesus. Ikkje heime for Mor si dessmeir torde ho vitne;
ho Mor vilde berre gjera Narr. Ho gjorde elles Narr alt
no. Det er daa eit fælt Renn paa deg, sagde ho; hev
du vorti so reint for god for denne Verdi, tykkjer du?
Eller: aldri kann det vera Maate med nokon Ting; der
sit ho og hengjer med Øyro og er so heilag at ho ikkje
kann faa upp Munnen! I Krambui med freista Fanny
aa løyne Gudshugen sin; og hjaa Thorseng torde ho
ikkje nemne eit Ord, endaa ho svært gjerne vilde hava
frelst Lea. Aa for eit vesalt og laakt Menneskje ho var.
Tenk; gaa her og vita, at eins eigne Skyldfolk gjekk paa
Kanten av det store Braadjupe, og endaa tegja, tegja av
Otte for Verdens Spott; aa, endaa hadde ho langt att,
fyrr ho i Sanning var eit Guds Barn. —
— Ho Mor fekk ikkje slaa seg til Ro likevel; endaa
ein Gong laut ho flytja.
Det var Lea si Skuld. Ho tolde vel ikkje at Thorseng
skulde hava det Utlegge; og so kunde dei sagte ikkje
paa annan Maate bli av med dette Loftshole uti
Trond-hjemsvegen. Og til ho Mor var alt godt nok. Ho fann
seg i aa flytja for Fanny si Skuld; Fanny fekk paa den
Maaten stuttare Veg til Krambui. Men ho vart ikkje
blidare paa Lea for det; slik ei gamal Mor, jamra ho, er
nok berre i Vegen.
Daa Andersson reiste, vart det meir armodslegt i
Ansgarmissjonen. Dei norske Forkynnarane tok etter
han, men kunde ikkje naa han. Dei sagde det same som
han, og sagde det paa svenskt som han; men det vart
endaa ikkje det same. Og so kom Vaaren og Sumaren.
Det vart godt aa vera ute. Og ein kunde i rette Røyndi
dyrke Herren der ög.
Men Soli og Ljose og Blomane var faarlege; mykje
199
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>