Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ho var daa ikkje simpel! Ho var som dei andre!
Kanskje dei fleste hadde havt det som ho. — Aa Gud,
so sæl som ho var. All Otten hennar vart burte som
Solrøyk i den kvite Lufti; ho vart lett for Bringa som i
gamle Dager. Der var ikkje noko gali med henne! Ho
var Dame; ho var helsug; ho kunde sjaa kvart
Menneskje i Augo; ho hadde inkje aa fæle fyri; og tenk ho,
som hadde gjengi og trutt at ho var fortapt. At knapt
nok Gud kunde berge henne! Og so var det berre noko
som andre ög hadde aa dragast med; noko som kanskje
dei fleste maatte vinne yvi. Aa Gud, kor ho skulde
vinne yvi det! Aa, som ho skulde bli Dame heilt ut i
Fingerendane! Kvar minste Rest av Skulegjenta skulde
tynast i ho; ikkje i Draumar skulde det koma for henne
anna enn Dametankar; aa!... ja med Guds Hjelp daa,
sjølvsagt.
Grete las upp Sogo si; Fanny kunde mest ikkje sitja
roleg. Ho roste Sogo for Endes, men fekk ikkje Tak
paa eit Ord. Paa Heimvegen var ho so lystig at Grete
kjende seg brydd; uff, ikkje ber deg so jaalut daa! —
Uff; veit du ikkje at ei Dame aldri lær høgt? — Men
Fanny gjekk heim til Thorseng og gav seg i si Hjartans
Glede til aa leike og staake med Veslegut, so ho mest
sette Barnestogo aa Ende.
Naaden vart veik i Fanny no eit Bil; det var Stundir
daa ho mest trega paa at ho hadde gjevi upp Teatre.
Aa nei; det gjorde ho ikkje heller; det var greidt at ho
var sælare no, daa ho hadde Fred med Gud; det var det
høgste; det visste me; og dessutan kunde ho ikkje naa
Teatre. Fem og tjuge Kronur Maanaden rakk ikkje til
nokon Ting; Krambui sleit so mykje Klæde. Og det
som vart att, det turvte ho Mor so saart til Huse. Ikkje
um Fanny tente femti Kronur Maanaden vilde det bli
noko att. Ho Mor laut meir og meir slutte med Sau-
201
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>