- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
203

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

mera värdiga emnen...» Kva i all Verdi meinte han
med det? Fanst det meir verdige Emne enn det eine
store: Frelsa i Jesus?

Di meir ho tenkte paa Breve, di rarare vart det. Det
vakna Tvil i henne; det kunde daa vel aldri vera
verdsleg Elskhüg som laag under? Kunde det vera Raad at
ikkje sjølve Andersson var til aa tru paa? Ufysne,
ulidande Tankar kom; ho maatte hava Hjelp; ho gjekk
til Dorthe med Breve.

Dorthe las det og gav seg til aa læ. Du ... innbiller
deg vel ikkje noko... av dette Breve ? sagde ho; men
Laatten var tilgjord. Nei, men... — Gakk no berre
ikkje ikring og syn det til Folk, sagde Dorthe
kald-mælt; dei kunde tru at det var narrvori. — Nei det
kann du vita eg aldri hev tenkt paa, svara Fanny raud;
men tykkjer du ikkje —. — Han skriv til alt Folk; han
kann ikkje so vel vega kvart Orde ... Sjaa her. Gjer
deg berre ikkje til Narr no daa!

Fanny vart styrkt i Tvilen sin; ho miste Trui paa
Andersson.

Ho miste med det same Hugen for Ansgarmissjonen.
Noko um Senn slutta ho reint med aa gaa paa
Samlingar. Ho kunde ikkje lenger so trygt tru paa dei
Andens Mennar som tala der. Det var slett ikkje sagt at
dei tenkte berre paa aa frelse Sjælir. Det var ingin
annan aa lite paa enn Gud sjølv. Ho fekk halde seg til
honom. Dorthe var visst ikkje so heit i Trui som fyrr,
ho heller; mot Fanny hadde ho au vorti kuldslegare
enn fyrr.

Men etterkvart som Trui dovna kom Tomleiken. Fanny
totte langt. Ho hadde havt det so godt ei Tid; no visste
ho ikkje kva ho skulde faa i Staden for det som ho
meir og meir miste.

Krambui vart ein Gong til so stusleg som fyrr; ho

203

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0205.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free