- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
204

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde ikkje noko aa staa imot med. Kva i Verdi skulde
ho finne paa. Det ho fyrr hadde drøymt um var slengt
burt og uppgjevi. Midt i sin Ungdom stod ho her som
eit bladlaust Tre. Dei var ikkje komne, Friarane
dessmeir. Ikkje ein var komin, utan Dauden i Lybekk. Og
ikkje kom det nokon heller; ikkje nokon som ho kunde
bry seg um. Ho kom vel til aa staa der ved Disken til
ho vart so leid at ho gifte seg med ein Vadsekk. Det
vart Enden paa Visa og hennar store Mod.

Kven brydde seg um ei fatig Gjente som stod og selde
Lereft og Garn! Draumane hennar vilde bli svikne;
Vonine vilde gaa upp i Røyk. Um Kjærleiken ein Gong
tok til aa bløme i Hjarta hennar, so vilde den og svike.
Ho visste det; ho saag det. Gudskjelov at ho hadde
Gud aa halde seg til; han sveik ikkje, han. Men no
hadde ho vorti so aaleine.

Ho las eit og anna; som «Kjærlighedens Komedie».
Det var ei rar Bok. Falk og Svanhild som heldt av
kvarandre, men gjekk kvar til sin Kant utan so mykje
som aa vaage ein Freistnad, dei var svært so storfelde.
Slik skulde Folk vera! Svanhild var framifraa. Og so
var det slike gilde Vers. Ho huglagde Svanhild og Versi
hennar, so ho likevel trega at ho hadde gjevi upp Teatre.
Svanhild vart sistpaa ho sjølv. «Jeg var en hjemløs i
min Moders Hus ... jeg var en hjemløs i mit eget indre
...» Gud, so sant det var. Og so Slutningsordi: «nu
falder Løvet; nu kan Verden faa mig...»

Guldstad var Tollaren; og Falk kom nok ein Dag;

«for første Gang paa jord

jeg fandt min Tanke bag en andens Ord...

Halvt stødte du mig bort med hvas Forstand,

halvt vidste du med Mildhed mig at drage,

som Havet drages af en sollys Strand,

og Fjeldet skyver Bølgerne tilbage ...»

204

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0206.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free