- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
206

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

rettelegt Ball; fyrr hadde ho aldri havt Ballkjole. Og ho
vilde ikkje danse; ho vilde berre sjaa paa. Kor som
gjekk laut ho sidan gjera Bot.

Kjolen kunde ikkje bli som han burde den Gongen
heller; men han fekk klara det —: kvitt Blondety paa
ein Botn av blaatt Alpakka. Yvi Aksline eit kvitt Fichu;
det klædde henne stormande. Paa den eine Oksli ei
raud Rose; i det rike glansbrune Haare like eins ei
raud Rose; det var all hennar Stas.

Ho kom i Lage og var straalande. Det var Fest um
henne av Ungdom og Frygd; Augo tirde, Kinni blømde;
Gutane røynde seg med aa finne fagre Ord; mest gjekk
det paa Samanlikningar med den friske Rosa. Den
Fyri-setningi at ho berre vilde sjaa paa, den rauk for det
fyrste Tilbode ho fekk; ho gløymde Gud med ein sæl
Smil og støypte seg ør av Glede inn i Stimen.

Der var ein fin, kvik medisinsk Student som heitte
Aas; han gjorde seg til for henne heile Kvelden. Det
var den finaste Herren ho hadde set. Og samstundes
var han so paaliteleg og truhjartug. Det opne ljose
Andlite hans kjende ikkje Svik. Ho trudde han av heile
sitt Hjarta.

Det var noko leidt med det at ho var so styvi; det
var fælt so lite ho visste. Ho laut segja mindre enn ho
hadde Hug til; det kunde vera so snart gjort aa
forsnakke seg. Som vel var tala han for deim baae. Han
heldt henne med Drøs heile Tidi; lett, trøysamt,
hyggje-legt rødde han; dette var det daa dei kalla Konversasjon.
Han tala seint og svært mjukt og drog paa Ordi; r’en
vart stundom til j; dei tala vel so, dei fine Herrane no
for Tidi. Han var svært godt upplærd. Hadde Hug for
Musik, Song, Maalarkunst; naar han var Doktar og rik,
vilde han hava det so og so gildt heime hjaa seg; det
skulde hange fine Maalarstykke paa alle Veggir... Kva

206

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0208.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free