- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
213

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gjente eg hev fengi fat paa... — Uff; han var i
Grunnen skræmeleg lettlynd.

Stundom raaka ho han i Lag med denne Gabriel; og
no, daa ho hadde høyrt dette fæle, lagde ho Merke til
Fyren. Det var rart at ein Fritenkjar kunde sjaa soleis
ut, totte ho. Noko hustri var der ved han, det sagde
seg sjølv; ein kunde sjaa at han ikkje hadde Sjælefred;
men elles saag han ut som anna Folk, ja var heller ein
ven Kar. Dei brune Augo hadde ei god Bragd; Andlite
var aalvorsamt og fint; det silkemjuke kolsvarte
Munnskjegge tok seg godt ut til den djupbleike Hamliten.
Han gjekk godt klædd og hadde eit finslegt Lag.
Ber-gensmaale lyddest vent i Munnen hans, syngjande lint,
stundom barnslegt. Det einaste leide med han var at
han banna; men det var der mange som gjorde, og var
ikkje Fritenkjarar for det.

Ein Dag sagde han noko som gjorde henne mest glad
i han. Det var ein Sundag Fyrimiddag; dei raaka han
utanfor Grand; der stod han og rødde med ein
halv-lurvin Fyr, som nettupp daa gjekk ifraa han. Naa,
Goddag, Gabriel, sagde Aas; kjenner du og den
Riddars-mannen? — Nei; kjenner du han? — Ja det veit den
søte Gud; det er den støjste Slusk og Snytarfant i
Kristiania. — Aa Fanden, sagde Gram; og eg som gav
han tvo Kronur! — Tosken; og dei tvo Kronune hadde
du vel laant og? — Nei eg laanar daa ikkje Pengar
fyrst i Maanaden. Fanden til Tull daa! I Grunnen
kunde eg havt Bruk for dei tvo Kronune sjølv i Dag.
— Naa ja-ja, trøysta han seg; han Slusken hadde vel
og Bruk for deim; Sluskar skal liva dei med, for
Pokkeren ... adjø! — adjø, Frøken! — Gud, so lettlynd som
han visst var. Men tenk: «Sluskar skal og liva!» Det
var i Grunnen vakkert. Undrast paa um Aas kunde ha
logi eit Grand paa sin gode Vén?

213

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0215.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free