Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ein einaste Gong kom ho til aa tala med han; daa
forstod ho, at han nok likevel var ein leid ein.
Ho kom til aa segja at ho ikkje vilde gifte seg; han
tok det med Aalvor og vart sint. At ho vilde koma med
slikt, som ho daa neigu ikkje meinte! Jau det skulde
vera fint, um ho vanta den Turfti! Det fanst ikkje noko
so vonlaust som ei Gjente som ikkje hadde Bruk for aa
gifte seg; og dessutan, kor som var, so skulde ein gifte
seg; det var smaklaust aa gaa ugift!
De gjeng daa ugift sjølv, sagde ho, endaa ho visst
ikkje burde svara paa slikt Snakk.
Ja gudbevars; til Dato hadde det endefram ikkje lati
seg praktisere; og-elles so var det ymist aa tenkje paa,
her med. Eit Mennskje som ein skulde vera i Lag med
heile sitt Liv, det fann ein ikkje so i ein Snedd...
Hugtekin? Ja; Kvinnfolki trudde det; berre ein var
hugtekin so var alt greidt... Naar det bar til Stykke
so var det snartsagt det minste! Spursmaale var um
dei tvo forstod kvarandre; og daa maatte dei staa paa
det same Daningstig paa Lag, hava i det store teki dei
same Hugdrag; dessutan var det alle desse Smaating;
eg, sagde han, kunde t. D. aldri vera gift med ei Dame
som ikkje hadde Sans for aa klæde seg vent; tenk
Dykk det!
Fanny saag nedyvi Klædningen sin; han var ikkje
svært ven; ho totte Gabriel var ulidande. De er nok
vand paa det, De, sagde ho.
Vand paa det? Han berre endefram var soleis. Heller
ikkje, heldt han fram, kunde eg vera gift med ei som
ikkje gjekk vent; eller ei som aat med Kniv; eller ei
som lo mykje ... Det er visse Ting, ser De, som hev
den og den visse Verknad paa det og det serskilde
Nervesystem; det nyttar ikkje aa slaa seg uvyrdin; ein maa
sjaa etter det, naar ein skal velja.
214
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>