- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
215

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

De kjem til aa sjaa Dykk vel fyri, De daa, smilte
Fanny.

Ja. De vil segja at ein kann skiljast att, song han
paa i ein sturin Tone; men slikt noko gjer ikkje eit
Menneskje med Folkeskikk. Hev ein Nervur, so skyr
ein sovori; ein vil ikkje hava sine Privatissima paa
Pøbel-munn. Daa visst ikkje fyrr ein hev vorti so
demoralisera, at det mest kann bli slikt Slag med heile Greida.
Berre den simple Ting aa segja til ei som ein hev havt
det godt med: no vil eg ikkje meir... ja ein drygjer
med det og, til det mest er for seint. Eg veit um det
fraa slikt eit lettlyndt Samhøve eg hadde ein Gong...
Hm! kremta Aas; Gram gaadde det ikkje; — det var
sgu slett ikkje noko rart Høve, men likevel —; aa gaa
og segja til den snilde G jentungen, som eg visste var
eit Grand glad i meg: no lyt det vera slutt... Ja eg er
ikkje snar-kløkkjen; men neigu um eg nokon Gong hev
gjort noko som var stort verre ...

Hm! — Seg meg, hev du ei Klokke som gjeng rett,
Gram? sagde Aas brydd; Fanny saag fornærma ut;
Gram harma seg, kunde ein sjaa, og tok Avskil. Ja,
han kann vera taktlaus, sagde Aas. Seg meg, hev De
høyrt gjeti det som gjekk for seg i Arbeidarsamfunde
igaarkveld? Det er no eit Fantebøle i Grunnen, det
Arbeidarsamfunde ... — Men Fanny kunde ikkje vera
so sinna paa Gram som ho burde. Det var ein underleg
Kar; tenk; taka det so vidt aalvorsamt med ei Taus av
det Slage! Det var visst noko godt i det ög; men uff;
fortelja sovori liksom det skulde vera ein reint
endefram Ting ... jau han maatte vera Fritenkjar. Aas
snakka:... fælande mojosamt, overlag vyrdlaust, plent
som det høvde aat den Lurven til Fatigforstandar ...
Fanny kvakk upp ved Orde Fatigforstandar og tok til
aa lyde etter att.

215

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0217.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free