- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
218

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sist. Var det ikkje det eg visste, at eg maatte raake
Dykk att? smilte han. Smilen hans var eit Grand stakk,
men i denne Stundi reint fornøgd aa sjaa til.

Han sette seg hjaa Fanny, fekk seg eit Ølglas og tok
til aa røde um gamle dagar. Mæle hans var skralt og
brast lett; han enda gjerne med ein liten arg Fisteltone:
Det er vel so vidt De hugsar meg, De, sagde han; og
endaa maa Gudane vita kva det hadde vorti av meg, um
ikkje De hadde vori! — Eg? lo Fanny brydd. — Ja, det
var vel Dykk uvitande, heldt han fram med den
skakt-lentuge Smilen sin; men den Gongen daa den store
Livsvoni mi brast... sæle Far min hadde innbilt meg,
at eg skulde bli ein Händel eller Beethoven... hadde eg
ikkje daa havt Minne um den unge Valkyrja... som
steig meg ung og frisk til Møtes den Gongen og sagde:
ikkje gjev Dykk! ... eg hadde sgu gjevi meg, eg! —
Uff; eg var nok ikkje rart til Valkyrje dessverre. — De
vart no til det for meg. No liver eg paa Leivdine,
gudbevars; men eg liver daa; eg hev noko aa bry meg um
og noko aa arbeide for; og kva gjer det, um mitt eige
vesle Tilvære gjeng til Grunns; den einskilde Mannen
gjer korkje fraa eller til; Folkeframgangen, det er Saki.

Det var eit anna Folkeslag, dette; dei livde i ein
Heim som ho slett ikkje visste um. Ho maatte inn der;
ho vilde inn der. Kvardags-Tøve var ikkje utherdande,
helst naar ein visste at der var noko høgre. Men Gud,
kor ho turvte Hjelp; Gud! um De visste, kor faavis eg
er! sette ho i. Det trur eg nok, sagde han; paa
Gjente-skulane lærer de vel ikkje anna enn tenkje paa Gutane,
veit eg! Ho raudna noko; det kann De daa ikkje segja,
meinte ho. Jau, nikka han; dei lærer det ved denne
gjenomførde Avstengjing. Det vert lagt slikt eit Lag
paa denne velsigna Kyns-Skilnaden... dei maa koma til
aa undrast paa kva det er for noko rart med Gutane,

218

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0220.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free