- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
220

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde det vori gjort større Nedvyrding enn mot Kvinna,
sagde han. Ho hadde vorti tilsulka, nedtrakka,
utskjemd; dei hadde demoralisera henne fraa Grunnen av,
bruka henne til Leike, Lastdyr, Frille; altid bruka
henne; aldri lati henne faa liva sjølv; aldri gjevi henne
Lov til aa vera Menneskje ... Uchermann tala seg varm;
Helga Thorsen blanda seg inn med djerve Ord; nye
Utsynir opna seg for Fanny til alle Kantar. Aa, som
ho hadde vori innestengd. Gud, so armodslege, vesalle
Tankar ho hadde havt um all Ting. Som ei Gaas og ei
Jaale hadde ho livt; ho hadde ikkje havt Vitring um
nokon Ting, ikkje um sin eigin Vyrdnad dessmeir. Det
hadde nok meir paa seg aa vera Menneskje enn ho visste
um. Aa, so sæl ho var, som endeleg hadde funni Folk;
ho fekk gaa i Skule hjaa deim no; her stod ho framfyri
det høgste; det kjende ho paa seg. —

Dagen etter raaka ho Aas; han var aldri det Slag
tykkin; tenk; ho kunde ikkje so mykje som faa han
aabruig. Han lagde i Veg med sitt vanlege Snakk; ho
totte mest ikkje det var noko Moro: eg skal segja Dykk,
eg hadde ikkje noko vidare aa gjera i Efta; eg gjekk
og trøytte Tidi til Klokka var so fem; daa kom eg
endeleg paa noko som der var Meining i; du kann daa(
gaa upp til Gabriel, segjer eg til meg sjølv; ja som
sagt so gjort; eg gjekk upp til Gabriel; men daa laut
eg vel bisne, kann De tru; tenk! han var heime. Men
det hadde sjølvsagt sin Grunn; Svine var ikkje uppe
endaa. Nei daa; laag og sov som ein Kvelpunge. Naa;
so jeiste han lite paa Hovude daa, og skulde sjaa kven
det var som kom; og daa han saag det var eg, so sagde
han sjølvsagt: jeis til Helvite; kom og ver med, segjer
eg... ho høyrde ikkje etter lenger. Det var greidt! —
der kom Grete. Han vitta til henne som vanlegt; Fanny
vart sinna; paa heile Heimvegen sagde ho ikkje eit Ord.

220

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0222.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free