- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
221

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seg meg, hev De noko aa gjera i Kveld, Frøken
Holmsen? spurde Aas. Ja; eg skal i Arbeidarsamfunde!
svara Fanny. — Ish, so ulidande som De hev vorti daa!
Og so dette ufysne Arbeidarsamfunde!

Ho var ofte sinna paa Aas, og kom dermed til aa
ferdast mykje hjaa sine nye Kjenningar. Ho vart bedi
med i «Ungkarslagi» hjaa Helga Thorsen, der
Uchermann au kom; det var dei gildaste Folk ho nokosinn
hadde kjent. Og dei hadde Moro, endaa der var Aalvor
i Leiken. Naar ho so raaka att Aas, kunde ho mest
ikkje like han. Snakke hans høyrdest flatt; og denne
Spretteferdi hans var utekkjeleg. Men søt var han og
vart han; ho kunde ikkje gjeva han upp. Ho burde
visst gjera det; Gud, som Helga Thorsen vilde
vanvyrde henne, um ho visste at ho gjekk her og lét seg
gjøle for av slik ein Sprett! Men ho kunde ikkje; ho
fekk heller freiste aa gjera han betre. Uff; kann De
no ikkje vera litegrand aalvorsam daa, Aas? Kvi skal
De stødt gjera Gjøn med allting? — Han svara med
Fjas. Ho freista med Aalvorstale; ho ordskiftest med
han; det var ikkje sant at Johan Sverdrup var ein
Taburet jagar; det var ikkje sant at Vinstre berre
tenkte paa si eigi Torv; det var Folkebaten,
Folkefram-gangen... — Nei men eg vil daa ikkje tru, at desse
katilinajiske Eksistenser uppi Arbeidarsamfunde
øydelegg Dykk, Frøken? De er daa eit upplært, vitugt
Menneskje? — Nei men seg beintfram, Aas: er det
inkje noko som kann gjera Dykk aalvorsam? — Hm
... det maatte vera um eg kom ut for slikt eit politisk
Fjuentimmej fraa Arbeidarsamfunde... — Uff!

Han lagde seg til ein ny Eid; dersom det og det ikkje
var so og so, «kunde ho kalle han ei Stojtingsmann!»
Eit nytt Stykke paa Teatre var so keidsamt, at han
fekk Tæring i Ryggen av det; det var «næsten likesaa

221

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0223.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free