- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
223

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Herre Gud, det var taapi av meg, dette; men sant aa
segja visste eg ikke kva eg skulde gjera for aa faa
Dykk blid ... Herre Gud, lat det vera gløymt no, Fanny;
lat oss skiljast Vénir. Kjære Dykk daa? —

Ho drog han innanfor Porten, slog Armane um
Halsen hans og gav han ein lang, lang Kyss. So reiv ho
seg laus og tok Sprange. Aa, no no ... no var Lagnaden
hennar avgjord. No fekk det koma som det kunde.
Gud! kor skulde det gaa ...

Ho venta paa han med Oe og Otte heile Dagen etter;
han kom ikkje. Dag etter Dag venta ho; nei. Joli kom;
Joli gjekk; han maatte vera burtreist. Men at han
ikkje skreiv, um so var?

Ein Kveld daa ho kom heim, sagde Mor hennar: jau
du er ei som veit aa stelle deg du. No hev Aas trulova
seg med Grete Magnesen! — Aa jau! Det er greidt det
kunde ikkje bli noko av det med deg og slik ein rett
Herre...

XVIII.

Fanny syrgde ikkje; langtifraa. Ho grét i einsleg^
Stundir som fortapt; men det var berre av di ho
arga seg.

Stor, vaksi Gjente paa snart tjuge Aar, og so lata
seg jukse so jammerleg! Og det av slik ein vanleg
Sprettfyr! Det var so ho kunde riva seg Haare av
Hovude.

Framum det, framum det! Ikkje tenkje paa det;
ikkje hugse det! Barnetull, Ball-Elsk; ho fekk sjaa til
og bli vaksi no; det kunde ved Gud ikkje vera for
tidleg.

Ho kasta seg med Ofse inn i sitt nye Lag fraa
Arbeidarsamfunde; søkte seg Hugmaal, noko aa liva paa,
elde seg upp for: Statsraadssaki, Røysteretten, Lands-

223

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0225.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free