Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
paa sams Hugmaal. Dei tok Kjærleiken au som ei
Aal-vorsak; kunde skjemte med ’n, men spotta ikkje. Ingin
gjorde Narr av Ida for di ho gjekk og dreiv med Student
Frigstad jamt. Er dei trulova? spurde Fanny ein Dag;
nei, svara Uchermann. — Dei held svært mykje Lag?
— Ja; eg trur mest dei finn kvarandre; det vilde vera
hugsamt og; det er fagna Folk baae. — Ja dette var
Daning. Aa fy, kor det andre var simpelt: gaa og leike
Ulv og Lamb; lure paa eit Høve til aa stela ein Kyss;
og so gjera Narr og snakke halvstygt; — nei; farvel,
Aas; vel vere deg, Grete ...
Uchermann laante henne «Hovedstrømninger» av
Georg Brandes; naar ein hev lesi den Boki, sagde han,
so forstend ein si Tid. Ho las; og Uchermann forklaara.
Vidare og vidare Utsynir opna seg; den Striden me var
uppe i her var berre ein Lekk i Storstriden. Og
Gudskjelov, alt söm var gildt og gjævt hadde me med oss.
Jamvel Spursmaale um den frie Tanke kom upp;
snart-sagt alle skikkelege Folk var Fritenkjarar no,
etter som Fanny kunde skyna. Ho vart so djerv at ho
ein Gong bad Uchermann forklaare seg, kva Fritenkjing
i Grunnen var for noko.
Uchermann forklaara. Ho fekk ikkje rett Greide paa
han; han var so svivin; det var vandt aa faa han til aa
segja ja eller nei. Han svara ikkje beintfram, daa ho
spurde um han trudde det var ein Gud til dessmeir.
Det kann hende at der er ein Gud, sagde han; men visst
er det at han ikkje er slik som Prestane skildrar han.
— Men me hev daa Lov til aa tru paa ein Gud? — Ja
Lov? Berre ein kann, so. — Kvifor skulde me ikkje
kunna ? — Kann De tru paa ein god og rettvis Gud i ei
Verd som fløymmer av Urett ? — Ja, men ... det er daa
ikkje hans Skuld det? — Trur De ikkje det hender
mykje vondt som kunde bli avvendt, um det var ein
229
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>