- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
230

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som var allvitande, allmegtig og god? — Ho kunde
ikkje finne paa noko Svar med same, og førde Røda
inn paa andre Ting. Men sidan pinte det henne, at Gud
lét so mykje vondt gaa for seg, endaa han var
allvitande og allmegtig. —

— Det vart ei skræmeleg politisk Tid; Norigs Fridom
stod paa Kast; Selmers Regjering vilde innføre det
absolute Veto. Men Fridomskjempa Johan Sverdrup
hadde i Storthinge gjort eit Framlegg, som skulde
stogge denne Meinraadi; og no var der ikkje Tale um
anna i heile Lande enn um Johan Sverdrup og
Vetopolitiken.

Fanny drogst med. Johan Sverdrup vart den, som ho
glødde for. Det var ein Mann! Urædd, hugheil, utan
Tanke paa noko anna enn Folkefridomen, stod han der,
den gamle Generalen, graa etter 30 Aars Strid, men
endaa den yngste av alle, med Merke høgre og høgre
lyft i den aukande Stormen, med Ørneaugo roleg
skodande fram, med Handi ved Styre, haldande
uruggeleg den gamle Leidi; aa, han var stor! Og paa
Vinnar-dagen vilde han staa uppe paa Nasjonens høgste Plass
roleg som ein Gud, med det reine norske Flagg lyft,
med Folkejubelen fossande um seg; og han vilde peike
ut imot Framtidi og segja: Medborgarar, mitt Livsverk
er gjort; men der gjeng Vegen! I den Leidi ligg
Fri-domslande! Eg naar det ikkje; mine Dagar er talde;
men de skal naa det; berre haldt saman, berre haldt
ut! Og eit millionsterkt Hurra vilde svara han;
Millionar av Hjarto vilde banka han til Møtes; og som han
stod den Dagen, sigrande og byrg, med Profetsyne inne
i vaar Framtid, vilde han bli standande millom oss til
æveleg Tid, støypt i Malm, med alltid grøne Kransar
svingande um Sokkelen.

Det vart fælt aa staa i Krambui no og tegja still,

230

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0232.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free