Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ting... vilde alle taka det paa den Maaten so vart
ingin ting gjort. Eg t. D., som skal liva av aa gjeva
Timar... det er greidt at eg fekk meir Søkning um eg
ikkje var Vinstremann; men eg vilde sputte meg sjølv
i Augo den Dagen eg fann paa aa bry meg um slikt!
— Uff; alle Folk var so fullkomne.
Ho freista aa rette seg upp att ved aa vera fælt
radikal uppe hjaa Thorseng. Ho trættast med Tollaren
so det rauk og fauk; preika Vinstrepolitik og
Kvinnesak i villande sky; hugsprengde Thorseng og
vit-skræmde ho Mor; lika godt aa vera Vonløysa i Huse.
Men det var raadlaust aa faa Tollaren vond; han var
berre vigtig og ulidande. Lat Kvinnfolki snakke, det
er mitt Ord; di meir dei snakkar, di mindre vert der av
det, smatta han yvi Steiki si, — desse nymotens
Kvinnfolki meiner eg, mine Damur!
— Um Sumaren laag Thorsengfolke paa Lande; dei
hadde eit lite Hus ute paa ei av Øyane. Ho Mor fylgde
med som vanleg; det var serleg Bruk for henne no, daa
det var komi ei lita Prinsesse. Fanny vart aaleine
heime; og Einsemdi var uhyggjeleg. Det fylgde ein
Otte med som ho ikkje kunde faa Magt yvi; det var
som ho skulde ha gjort noko vondt, og som det var
einkvan som var misnøgd. Ho vart modlaus og
magt-laus, vanhuga og arm. Alle Mødur vart og verre naar
ho var aaleine, baade Liineridine og det andre, — uff,
dette andre som enno ikkje var slutt... Jau det var
slutt. Det var slutt. Ho var vaksi Menneskje; det sagde
seg sjølv at det var slutt... med hardsett Trass negta
ho det for seg sjølv, um so den unge, mogne Kroppen
gaus og skalv i dei feberheite Kjenslune. Det var ufysi,
pinefullt, awyrdande; det kunde plaage henne til ho
grét, og var ofte til lange Ridir av Hugløyse, daa ho
gjekk og var hugsprengd i dagevis, vraka og vanda av
233
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>