- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
234

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gud og Mann, vesall og raadlaus, paa Graaten berre
nokon sagde eit godt Ord til henne. —

Ho laut ein Dag segja Uchermann kor det hadde seg,
at ho ikkje kom i Arbeidarsamfunde lenger; daa banna
han Houen og Høgrekjenningane hans so fælsleg at ho
mest vart rædd. Henne sjølv orsaka han; naar ein
hadde Foreldre og sliktnoko, so var ein ikkje fritt
Menneskje. Ja desse Skyldskapsgreidur. Kor mange
tusund var det ikkje som aldri naadde sitt Livs Maal,
som maatte døyve sin pjupaste Lengt og gjeva upp
sine høgste Hugmaal, av di dei hadde ein Tosk til Far
eller ei Jaale til Mor aa tenkje paa! I Grunnen var det
ingin uvitug Skikk, den dei hadde paa Sudhavsøyane,
at naar Foreldri vart brysame, so slagta Borni deim
og aat deim upp; i Vissa var det ein vitug Tanke som
laag under, alt um ein kunde hava eitt og anna aa
segja paa Framgangsmaaten. Ho lo; i det heile letta det
aa faa Synds-tilgjeving. Men bøygd var ho likevel; ho
var ikkje frie Folks Jamlike, kunde ikkje staa inne for
sitt Ord; ho var og vart usjølvstendig.

Dagstødt raaka ho Uchermann; det var alltid ei
Trøyst. Og so hadde ho Bruk for han til
«Middags-herre». Ho maatte eta ute i denne Tidi; og aaleine
kunde ho ikkje gaa utan paa Damerestaurasjonar; men
desse Restaurasjonane «hadde Namne sitt av, at ein
ikkje torde bjode Herrar den Kosten som der vanka»;
og so trong ho Karmannsfylgje berre endefram til aa
sleppe aa svelte. I Arbeidarsamfunde fekk ein god Mat
til Damerestaurasjons-Pris; og e t a i
Arbeidarsamfunde maatte ho hava Lov til. Men heiltut huglegt var
det ikkje aa gaa der, endaa um ho hadde Fylgje. Naar
ein skulde aat Matsalen maatte ein gjenom Kaféen; der
sat Kjeningar fraa den politiske Sviren og drakk 01;
dei glodde paa henne so ho vart reint brydd av det.

234

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0236.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free