Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Kvar Dag sat dei der, og kvar Dag stirde dei, meir og
meir forvitne. Ho brydde seg ikkje um det; det var
greidt; men —.
Uchermann gaadde visst ikkje etter det; han var i
Godlag no um Dagen. Han skjemta og lo; Smilen hans
var mest ikkje det Slag skakk; og Snippane hans var
heiltupp reine. Det var Sverdrups Siger den 9de Juni
som hadde yngt han uppatt, sagde han; den hadde
styrkt Trui hans og kveikt upp Mode; no var det
Meining i aa vera til.
— Dorthe Baltzersen reiste til Amerika. Fanny flutte
fram i hennar Post og fekk no 60 Kronur Maanaden.
Det kunde turvast; Mor hennar og ho hadde livt heller
klent i seinare Tid.
I Daglegstogo i Trondheimsvegen var det fælande
tomt og utriveleg, allvist etter at Pianoe var komi burt;
Fanny gjekk paa Lausøyre-Auksjonar og kaupte ymist
til aa fylle ut med. Det høvde so godt, at ho ein Gong
fekk fat paa ein Ruggestol til billeg Pris; so fin som
Bestemor Lehmann sin var han ikkje; men han var
makleg til aa sitja i. So hadde ho likevel paa ein maate
haldi det ho i Barndomsdagane lova Mor si.
Til næste Aar eller so fekk ho tenkje paa Teatre
kanskje. Ho kom vel ikkje til aa kunna døy rolegt fyrr
ho hadde freista seg, um ikkje meir. Uchermann talde
til det beste han kunde. Ho var som fødd til aa syne
fram Ibsens Kvinnur, sagde han; og vilde ho fylgje hans
Raad, so skulde ho til Fyrste-Verk velja Svanhild i
«Kjærlighedens Komedie».
Barndomskjenningen hennar, Gina Wiig, stod alt i
Bladi. Ho hadde spéla i Leipzig og andre Stadir, og
vart nemnd som «den unge begavede Pianistinde». No
skulde ho for fyrste Gongen halde Konsert sjølv her i
Byen. Fanny laante Pengar av Moe, so ho kunde faa
235
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>