Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Braudbitane; gaa den same vonlause Vegen til den
same vonlause Bui med desse same vonlause Hyllur og
Skaap og dei same trøytte hügfallne Kammeratane. Og
dette skulde halde paa. Aar etter Aar, Tid etter Tid;
Langsemdi saug under Bringa som ein Sjukdom, tyngde
yvi Aksline som var det Krossen ho bar; ho gjekk
kvævd og kjøvd som inne i ei Myrkskodde.
Og so kom Vaaren. Det vart høg Himil og frisk Sol;
det regnde; Daam av Gras og Blomar og sprettande
Lauv kjendest langveges gjenom Lufti; Vaarty og
Sümarhattar kom for ein Dag; i Bladi lyste dei ut
Vaar-Rutur, Turistrandslar, Sümar-Hus, Badestadir;
Flytjelass ramla i Gatune; Folk skulde paa Lande, ut
i den luftblaae, sjø-glitrande Friheimen; ho grét av
Lengt, vreid Hendane av Sut; her stod ho, og her skulde
ho staa; og dette skulde vera Liv; dette skulde gjelde
for Liv, Menneskjeliv ...
— Ho kom ikkje til Fru Gundersen. Ho hadde ikkje
Pengar og ikkje Mod; ho hadde berre Mor si... Mor
si, som var i Vegen allstødt. Dagane snikte seg fram
som Sniglar paa ein Veg; Timane var Endeløysur;
Minuttane draup burt eit for eit, seint og saart som
Taarur fraa trøytte Augo; Sumaren kom med Hite og
Talm; dei stod for opne Dørir og kunde ikkje faa Luft;
der var ikkje so mykje som eit Glas friskt Vatn aa faa;
det smaka lunkvarmt fraa sjølve Krani. Uff, Moe,
stunde ho, forbarma Dykk yvi ein døyande ... spleis til
ei halv 01... det blir inga Raad med det; me fær slaa
oss paa Flaska!
Utetter Hausten vart ho klen. Det var ikkje nokon
vanleg Utrivnad; det var eit Talm reint for seg sjølv:
slitande, fæle Verkflagur i Underlive, venteleg det same
som Dorthe Baltzersen stundom hadde havt. Det var
verst paa annsame Dagar, naar ein jamt skulde laupe
237
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>