Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— Ho Mor tok til aa snakke um Tollaren. Slik gjeng
det, sagde ho; du kunde ha séti i di varme Stogu, du,
med Aaklæde paa Golve og tvo Gjentur til aa stelle
deg; men stort skal det vera um so Bakenden heng ut
... no ligg du der. Eg tenkjer mest du tregar paa det
no, eg? — Fanny iddest ikkje svara.
Noko seinare kom Lea. Ho var hyggjeleg og venleg.
Thorseng vilde svært gjerna at du skulde koma upp til
oss no, sagde ho. Eg kann trenge Selskap, meiner han;
og du kunde vera til baade Hyggje og Nytte; det er
greidt du fekk fast Løn og kunde vera din eigin Herre
... — Ja kjære, helsa Thorseng so mange Takk ... —
Eg vilde gjerne du skulde koma, eg ög, sagde Lea; ho
saag ut gjenom Vindaugo; kjære, kann du ikkje gjera
det? Du ser du toler ikkje denne Krambui. Fanny
forstod at Lea meinte det godt; ho fekk mest Taarur i
Augo. Takk, Lea, svara ho; det er svært hyggjelegt
av deg; men eg hev no fengi Smak paa aa vera
sjølvhjelpt, ser du.
Doktaren raadde henne ifraa aa gaa i Krambui att.
Kann De kurere meg for Mathugen min da? spurde
Fanny. Doktaren vart kvat; det maatte ikkje finnast
Mennar, sagde han, dersom ei Gjente som De skulde
maatte staa i Krambu for den Tings Skuld! — Naa,
paa den Maaten, sagde ho og snudde seg burt.
Doktaren heldt fram med eit serskilt Tonelag: De vilde
ikkje ha vondt av aa gifte Dykk, Frøken! —
Det Dyre; han vilde vel ikkje —? Det gamle Beiste;
noko so simpelt, noko so ukjurslegt... Ho frøste og
gjekk, gøymde seg i Koven sin og grét; — vilde det
Svine innbille henne, at han kunde vita noko um sovori ?
Aa, aa; der var daa ikkje Grense; der var ikkje Grense!
— Ho gjekk til Krambui att, so snart det berre var
Raad. —
239
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>