Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— Ilsnæs hadde fengi ein Post i Kreditbanken; i
Staden hans hadde Moe vorti Fyrstemann. Han var
beinsam og snild; ho fekk gaa inn paa Upplage og setja
seg so ofte ho vilde. Den nye Upplagsdrengen, ein
snaal, krambufin, guteleg Fyr, var galant og tok «med
Fornøielse» paa seg Arbeide hennar i Krambui. Han
gjorde Kur liksom det var noko som til høyrde, og
fridde um aatte Dagar; Fanny kunde ikkje anna enn
læ: nei men trur De me skal tenkje paa det daa,
Rasmussen? — Ja eg elskar Dykk, eg! forsikra han. —
Ja men skal me ikkje tenkje oss um nokre Aar fyrst?
— Som Frøkni vil ha det... De er ikkje fornærma,
vonar eg? —
Verre vart det daa Moe fridde; det var Aalvor der.
Det kom uventa og gjorde henne svært vondt. Ho
trøysta han so godt ho kunde; ho var ikkje noko for
honom; han skulde hava eit vitugt, dugelegt menneskje;
ikkje slik ei Jaale som ho var. Der er ingi Von for
meg daa? spurde han; det dirra um Munnen hans, og
Mæle var ustødt. Aa nei kjære Dykk, Moe, lat oss ikkje
tala um det; ver no vitug; De tek so reint i Mist. —
Det var ute i Skrapbui; Moe stod og studde seg paa ei
Kasse, halvt burtvend; med eitt kasta han seg flat
framyvi Kassa og stridgråt. Det var fælt; ho grét med
i si store Raadløyse; De maa ikkje taka det so, Moe, bad
ho ... De kann daa skyna ... dette vinn De nok yvi...
— Eg vinn det aldri yvi, hiksta han. Eg hev gjengi
her og haldi av Dykk heile Tidi... no kunde eg bjode
Dykk... so vidt det greidde seg... aa, Frøken, eg
skulde bera Dykk paa Hendane! — Aa Gud, kor vondt
det var. Men kva skulde ho gjera; det nytta ikkje; dei
var so reint ulike... «Aa, De maa mande Dem op,
Moe!» — Han manna seg upp. Ver ikkje vond paa meg,
sagde han kavande; eg maatte segja det. — Ver berre
240
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>