- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
244

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og so kjem han daa med denne velsigna friingi si; og
Gud! som han blir fortustra, um han fær nei. Kvi
gjekk De og gjorde Dykk til for meg daa? spyrr han
Nei; du er ein fagna Kar, Uchermann, eit Sersyn bland
Mannfolk; i Lag med deg tarv ein daa kje ræddast for
aa bli mistekin! — Han svara ikkje noko vidare.

Men med eitt kunde han bli reint urimeleg sturin.
Han bar seg yvi Live og Tilvære; skyna ikkje kvi han
gjekk her og dilla; han dugde til inkjenoko; aatte kje
Livsmod. Eg eggjar meg upp til aa ha det, sagde han,
av di eg ikkje hev Daudemod heller; det er altfor fælt
aa sjaa den svarte Vonløysa beint inn i dei tome Augo;
men eg hev ikkje Samanheng med Live paa nokon
Kant; eg gjeng berre her og spøkjer i Grunnen. Ho
trøysta han med Politik og store Spursmaal; no fekk
me Riksrett; so vart Bakstræve kjøvt; og so var der
ikkje meir som kunde stogge Folke paa Framstigsvegen
... Eg gjev Fanden i Politiken, svara han.

Naar han sytte og bar seg paa «eg», jamna ho det ut
til «me»; me hev det so alle; Live er ikkje utherdande
for nokon av oss; Gud veit, kva me i Grunnen gjeng og
liver etter... — Du forstend meg ikkje, sukka han.
Uff; berre ho ikkje forstod han altfor godt. Aa, som
det var umögelegt og raadlaust. —

— Ebba Lehmann, Vénen fraa Barnedagane, kom til
Kristiania; ho var Lærar og hadde fengi Post paa
Aal-mugeskulen. Ebba var den same som fyrr, svarthærd
og hugd jerv; Andlite hennar var fint og bleikt, men
greidt, og Augo gløgge; ho var ven i Grunnen. Fanny
førde henne og Uchermann ihop; tenk, um han kunde
hugleggje henne! —

Ebba var Høgremann, men heller fritenkjande; det
hadde ho lært av Far sin, sagde ho. Ho var frigjord i
Kvinnesaki ög. Ho hadde lesi «Kvinnetvingsla» og

244

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0246.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free