Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
skyna ho, eit Uppbyggjings- eller Morolag for Damur
som ikkje hadde noko aa gjera; farvel, Humbug!
Det vart ein kald, sur Vaar. Medjomfrui hennar, ho
Ingeborg, gifte seg; Fanny vart eit Bil aaleine Kvende
i Krambui. Moe sa upp Posten sin og flutte; i Staden
hans kom det ein framand, leid Fyr, ein buslitin
Klæde-varehandlar, som var vigtig og lat og lét dei andre
gjera Arbeide. Ho fekk att Tilfelle sitt. Og denne
Gongen vart det heller stridvori.
Ho Mor tok til aa masa um Tollaren att. Fanny
forstod kva han gjekk og lurde paa, den gamle Vadsekken:
at ho skulde bli trøytt. Ho maatte bli trøytt av
Krambui; det visste han.
Ho laag heime sjuk og arm og freista aa ta Tingen
vitugt. Kvi skulde ho ikkje likso godt springe i det som
krjupe i det? Det var vonlaust for eit Kvende aa tenkje
paa Sjølvberging. Ho fekk so mykje mindre Løn for
sitt Arbeid enn Mannen for sitt, at det vart raadlaust
aa tevle. Det var som aa spenne mot Brodden; sistpaa
laag ho der; og den fyrste som kom kunde taka henne.
Til dessa hadde Live for Fanny ikkje vori anna enn eit
einaste Sprengs Kav; no hadde ho Vale millom tvo
Ting: selja seg og faa det maklegt strakst, eller slite
endaa i nokre Aar og selja seg sidan. Kvi skulde ho
ikkje likso godt springe i det som krjupe i det?
Ho kunde setja Vilkaar. Det gamle Narre maatte vera
svært ør etter henne, naar han kunde gaa soleis og lure
Aar etter Aar; ho kunde segja at fekk ho fara
utanlands ... sjaa Italia, Neapel, Venedig; sjaa Alpane, sjaa
Verdi... um alle andre Draumar brast, noko av Verdi
laut ho daa faa sjaa: ho kunde ikkje døy fyrr; kva
skulde ho ha vori til for elles! — Gjev meg Pengar til ei
Utanlandsferd og so ... lat skure ... eg som andre ...
Ho lo aat seg sjølv sistpaa. Ja vel, det var rett;
247
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>