- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
249

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med eit meir og meir tilgjort Mod i dei folnande
And-litsdragi... No var Karoline ög komi paa Gata. Og naar
Fanny tenkte paa seg sjølv —; dersom Gud ikkje hadde
vori god mot henne og haldi Freistarane burte fraa
henne i vonde, modlause Tidir, kor snart kunde det ikkje
vori gjort med henne ög ? Kor kunde det ha seg, at Gud
ikkje hadde vori likso god mot Emilie og Karoline?

Sut og Saknad vart sendt oss til vaar Sjælebate. Ja
men det vart ikkje til Sjælebate. Tvertimot; dei som
hadde det verst vart dei mest agalause. Kor kom dei
fleste Brotsmennane fraa? Kor var det mest med
Drykk; kor var Raaskapen verst; var det
Rikmanns-døtrane som kom i Piperviki?

Uff nei; ikkje tenkje. Gud fekk hjelpe henne; han sat
der uppe og saag Tankane hennar... uff; kor skulde
ho halde Live ut, dersom ho miste Voni um aa faa det
betre sidan? — Men kvifor skulde ikkje alle dei andre
ög faa det godt sidan ... hu nei; ikkje tenkje; ikkje
tenkje...

Dei andre som gjekk paa denne Skulen var
kvinnelege so det var ingi Gjerd. Det var raadlaust aa tala
med deim. Ho skræmde deim no fraa seg au ein Gong,
so dei kom ikkje att meir. Storthinge hadde sett
Riksrett mot Selmers Regjering; Folke var kløyvt i tvo
Flokkar som skamskjelte kvarandre; endaa paa
Gjente-skulane vart det tala Politik; Fanny fekk ein Dag det
Spursmaale, um ho trudde nokon Vinstremann no, etter
Riksrettsavgjerdi, kunde vera anna enn ein medvitin
Kjeltring. Fanny var fælt rædd av seg i denne Tid. Ho
livde paa laante Pengar; og tenk, um ho so til siste
Slutten ikkje skulde faa Post Men den Gongen vart ho
harm og svara: ein kunde vel likso godt tvila paa, um
det var skikkelegt Folk dei, som truga Norigs Storthing
med svenske Bajonettar. Dei andre drog Stakkane

249

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0251.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free