- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
251

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

for kvarandre, at det som var det harmelegaste av alt
var, at i Grunnen var dei slett ikkje livsleide; berre lite
meir Moro, lite meir Fridom... berre hava nokre
fullgode Kammerater, som ein kunde drive med, danse med,
gantast med; berre ein kunde slaa sig lite meir laus,
drikke lite meir Bokk, ikkje vera so jammerleg bundne
av Fordomar og Ræddhug ...

Og so berre det kunde hende eitkvart ender og daa!
sagde Fanny; veit du, eg ynskjer mest at me maatte
faa Revolusjon; so hende det daa noko! —

— Det hende Fanny noko fyrr ho vardest. Ho kom
heim ein Kveld og var glad.

XX.

Gabriel Gram hadde pint henne i alle desse Aari,
fyrst som ei Gaate, sidan som eit Samvitsagg.

Ho hadde tenkt gali um han, og ho hadde fari faavist.
Han maatte tru at ho var ei av dei styvnaste i heile
Kristiania. Naar han raaka henne paa Gata helsa
han, høflegt, men liksom avverjande: skyldig Vyrdnad,
Frøken; men Dykk er eg ferdug med! — Uff; og han,
som visst var eit svært forvitnelegt Menneskje.

Den Samrøda som dei ikkje var komne ut med sist
for Faavite hennar, den kunde ho no hava Hug til aa
taka upp att. Han hadde sagt noko som ho den Gongen
ikkje hadde tort høyrt dessmeir; no skulde ho gjeva
mykje til um ho kunde faa Greide paa det. Og so skulde
han gaa heile sitt Liv og tru, at ho var den same Gaasi
som den Gongen, ein vanleg Aftenpostlesar som det
ikkje beit Vit paa; uff; ho kunde harme seg ihel.

— Men so var det den Kvelden i Marts, daa ho raaka
han hjaa Markussen.

251

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0253.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free