- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
254

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ikkje Ulv! Alle de nymotens Moralistar er so forbanna
uhumoristiske. Det er denne skotske Presten som gjeng
ikring og spøkjer, han den Satan-til-Fyren, som fyrr lét
Ryggen gaa enn han gav seg... naa, han, som kom
upp i Isheimen tilslutt og døydde so dramatisk under ei
Snøskridu... «Brand» ja! Ikke det Grand Ironi; bu-h;
berre Gaustad-Heroisme; fælt storfelt, Gudbevars, men
Fanden so toskut... Ein fær daa forstaa den Verdi
ein liver i likevel! Den som hev ridi femtan Stavhestar
sjølv, veit um det. Her for eit Par Aar sidan skulde eg
ikkje gifte meg, f. Eks.; eg hadde ein Onkel som var
fraa seg, maavita, og den nyaste Trui er den, at alt
gjeng i Arv; naar ein Mann gjeng med Brillur, vert Son
hans fødd med Lorgnett; so skulde daa eit Par unge
Folk som elska kvarandre versgo døy i Isheimen, av di
det kunde hende det kom ein Erving som det kunde
hende vart galin ... Gudbevars! den Setningen forsvara
eg likso hardsett som De forsvarar han no; eg var ein
framifraa Erasmus Montanus. Men utigjenom Aari hev
eg antra meg tvertigjenom baade det eine og det andre,
og no segjer eg som so: det kann sgu godt hende at
Jordi er rund; men dersom det var ei Lisbet som vilde
gjeva meg ein Kyss for aa sverja paa at ho var flat,
so svor eg: ho er Fanden gale meg so flat som ei
Pannekake! — Ah!! ha! ha! ha! —

Fanny kjende Byrdir lettna paa Aksline sine og
Steinar falle henne fraa Bringa; ho hadde vori
«uhumo-ristisk» og forkava sjølv. Ein fager Draum vart sprengd
av og til; det gjorde vondt; men etterpaa vart det so
mykje ljosare. Han aga henne med sin Spott; men
denne Spotten løyste seg upp i ei sorgmild Skynsemd,
som hugtok henne. For fyrste Gongen paa Jord ho
fann sin Tanke bak ein annans Ord ... halvt støytte han
ho burt

254

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0256.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free