Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«med hvas Forstand;
halvt kunde han med Mildhed hende drage,
som Havet drages mod en sollys Strand,
mens Fjeldet skyver Bølgerne tilbage ..
Dagmar kunde gaa med paa den naturalistiske
Dikting, naar denne vilde vera fager; han spurde um
ho vilde like aa sjaa Kaptein Alving uppstelt som ei
fager Framsyning. Nei, det var ein annan Ting. I det
heile heldt ho paa den norske Dikting. Den var
realistisk, men ven likevel; gjorde oss daa ikkje modlause;
sette upp Mynster, som me fekk Hug til aa likjast.
Mynsterkvinnur? sagde Gram; ja, galant er ho; men
eg trudde at for Kvende maatte ho vera heller
aaleit-sam? Stakkars Gjenteborn; dei gjeng der i si Hjartans
Truskyld og skal vera Agnes og Aagot og Svanhild og
Svava; men det klarar dei ikkje; Tingen er at desse
Bok-Kvende er fri for mang ei Mannsbragd som Kvinna
i Røyndi ikkje er fri for... so blir dei modlause, vil eg
tru, og tenkjer med seg: eg kann ikkje vera Svanhild;
lat meg daa likso godt bli som ei av dei andre Høns i
Hønsegarden! Ei Gjente som hev litegrand Vit maatte
vel heller bli modig, naar ho fekk Bøkar som sagde
henne korleis Kvinna verkeleg er, og kva Kvinna i dei
og dei Høve verkeleg kann drive det til... Men
Gudbevars; det er klaart at Damur likar betre galante
Poetar enn ugalante! Naar slikt eit vanlegt
Hønse-hovud les den gilde Literaturen vaar, og ser slike
Kvende som berre er Blomedaam og Fuglesong og fine
Kjenningar, so segjer det seg sjølv at ho vert uppglødd;
Herregud, sukkar Hønsehovude, er me so yndige naar
me vert skildra realistisk? — Fanny lo. Dagmar gav
henne eit svivyrdelegt Augnekast fraa Sida; naar det
ber til Stykke, sa ho, finst det kanskje fleire Svan-
255
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>