- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
256

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hild’ir og Nora’ir i det verkelege Live enn Herr Gram
tenkjer. — Gudbevars, svara han likesæl.

Heile Kvinnesaki vart tilgjord og keidsam, paastod
han, av di dei bygde paa denne fagre Bokheimen med
dei mange Mynster. Det kunde daa ikkje noko livande
Menneskje bry seg um ei Samling av Nora’ir og slikt!
— Dagmar meinte det kunde vera andre Ting og, som
gav Herr Gram Mothug mot Kvinnesaki; Herr Gram
vilde vel t. D. ikkje gjerne godkjenne Jamlikskapen
vaar? — Nei den godkjenner eg Fanden ikkje! — Alle
lo; berre Fanny sat tagall; dette gjorde henne vondt.
Gram dreiv paa. Kva dei no vilde segja um
Kvinne-heilen, so hadde Skaparen laga det so, at Kvinna var
ufrisk tri Dagar kvar Maanad, som me ikkje var, og
derattaat ufrisk tri Kvartal annakvart Aar, som me
heller ikkje var; um daa Mann og Kvende kunde gaa i
Veg samstundes, vilde han faa Fyrisprang likevel. Kvi
er de daa so rædde for aa gjeva oss Lov til aa prøve
oss? spurde Dagmar uppøst. Rædde? sagde Gram. Upp
med alle Dørir og burt med alle Stengslur; det er ikkje
faarlegt; Kvinnestudentane gifter seg sgu lengi fyrr dei
fær Embætseksamen! Dagmar vart raud; Fanny hugsa
noko ho hadde høyrt, men ikkje vilja tru, at Dagmar
skulde vera løynleg trulova. Dessutan, heldt han fram,
skulde det vera ei Kvinne som var laga til Professor
meir enn til aa vera gift, so lat henne i Guds Namn bli
Professor! Men Kvinnerørsla gjeng ut ifraa, at Kvinna
i det heile skal vera Professor; og det er Bok-Tull. Det
skal ikkje vera nok med at me Mennar vert uppalne til
Sveinkallar og Egoistar og vert oss sjølve nok og gjeng
Fanden i Vald; no skal Kvinna og den Vegen! Berre
skaffe Frøkenforsyrgjing for so mange som mogeleg
... Hadde Poetane sagt Dykk Sanningi, som er den, at
Kvinna so vel som Mannen treng ikkje berre For-

256

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0258.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free