Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
syrgjing, men Kjærleik, og det ikkje berre den fine
Kjærleiken som dei hev Lov til aa skrive um... Men
det er ei av dei Mannsbragdine som Poetane tegjer
med! So gjeng daa Gjentungane, kann ein vita, og trur
at det er noko fælt og ukvinnelegt aa hava denne sunne,
heite Trong etter ein Manns Fangtak... —
Dagmar hadde flutt seg burt til Helga og rødde
halvhøgt med henne um det siste av Bjørnson. Fanny lét
Augo heilt att. Der var det. Soleis hekk det ihop.
Dette fæle som hadde pint henne som ei løynleg Skam,
den vonde Aand som ho i Graat og Rædsle hadde freista
aa drive fraa seg, — det var ingi vond Aand, og det
var ingi Skam; det var naturlegt, menneskelegt; det
verste Livsspursmaale hennar var løyst. Og dette
skulde ein ikkje faa Greide paa, fyrr ein var fire og
tjuge Aar gamal!
Dagmar reis tidleg upp og gjekk; Fanny var
full-hüga paa aa sitja so lengi som raad var. Dette idiotiske
Kvinnfolke gjorde meg gamle Herremann sint, sagde
Gram; seg meg, Frøken Holmsen, var eg usømeleg? —
De var leid, sagde Fanny; og det er ikkje rett av Dykk
aa vera sint paa Dagmar. — Slik Tilskaping gjer meg
sint, sagde han. — Eg trur ikkje det var Tilskaping,
sagde Fanny. Det som De sagde i Kveld, hev ingi ung
Gjente Greide paa; det kann høyrast rart, men det er
no so. Gram riste paa Hovude. Naar so er, sagde han,
so hev eg gjort mang ei ung Gjente Urett.
Daa Klokka var so tolv, sagde Gram: eg trur ved den
livande Gud, at Frøken Holmsen kann rangle! Ho vart
lite raud; ja kva daa, sagde ho. Daa vil eg trulova meg
med Dykk paa Flekken, svara han; men paa det Vilkaar
at De ikkje blir glad i meg! — Ah! !-ha-ha-ha! — Eg
sjølv er ferdug med den Ting, skal De vita, heldt han
fram; og einsidug Kjærleik veit De er ikkje morosam.
17 — Garborg IX.
257
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>