- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
258

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Me fekk berre rangle i Lag! Eg er so lurve leid av alle
mine gamle Svirebrørar; og denne Markussen hev vorti
so skikkeleg sidan han vart gift... Ja eg meiner det
sgu! Er De med, Frøken ? — Ho rette fram Handi: Ja!

— Topp! De kann drikke 01 daa? — Ja det veit Gud.

— Og De vil ikkje vanvyrde ein livsleid Sveinkall, som
i tjuge Minuttar stikk upp til tvo Flaskur under
Kavaien? — Vil De svalle eit Grand med’ De drikk,
kann De for meg gjerne drikke tri. — Skaal; det er
nok gali at eg ikkje hev raaka Dykk fyrr likevel,
Frøken; hadde eg havt eit vitugt Kvinnfolk til aa
rangle med, so hadde ikkje Rangelen vorti so toskut...
Men no skal De ikkje svikte, Frøken; Fru Markussen
der kann vitne at eg er ein skikkeleg Fyr; eg hev rent
Horni av meg for lengi sidan...–

–Fanny gjekk Turar med Gram; og Live var

slett ikkje stuslegt lenger.

Paa Skulen hadde dei teki til med det praktiske; alle
dei andre fann det ulidande; men Fanny var i Ovlag.
Ho yvihørde dei smaae Prøveklutane sine med Fagnad,
jamvel i Religion; Tvilen hennar um Gud var
burt-kvorvin; han hadde havt noko godt gøymt aat henne
likevel, og hadde visst noko godt gøymt aat alle. Heime
bar ho Ulags-Ridine til Mor si med utrulegt Tolmod;
stakkars Mor; ho hadde ikkje noko aa gleda seg i, so
det var rimelegt at ho fann Live uhüglegt. Inkje og
ingin hadde ho. Onkel Solum synte seg mest aldri;
Bror Nils var flutt paa Lande og skulde styre eit Verk;
den einaste Trøysti ho hadde var Smaaborni til Lea,
som ho hjelpte til med aa skjemme burt; og so hadde
ho Jomfru Thorsen daa, Stogugjenta hennar hadde vori.
I Lag med henne sat ho Mor og svirde i Kaffi og trøytte
Tidi med aa fortelja uppatt dei gamle Sogune fraa
Fredheim; det var utrulegt at dei kunde halde ut med

258

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0260.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free