- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
259

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det; dei maatte ha vori glade i han Far baae tvo, baade
Frua og Tenestgjenta. Men naar ho Mor fortalde um
Live sitt i Sydame-Tidi, forstod Fanny henne so godt,
at ho totte ho kunde tilgjeva henne alt, um det so var
det verste. Arme gamle skrukkute Skinn; Herregud, um
ho no i si Hugløyse og Vonløyse skulde ha forsynda
seg. Ein vilde ikkje kunna segja noko um det. Fanny
visste sjølv kva Keidsemd var; og ho visste, at utan
Kjærleik var Live ikkje anna; aa; alt, alt kunde ho
tilgjeva. Det maatte vera Maate paa kva ein kunde
krevja av eit Menneskje ög.

Ho sat hjaa Ebba og snakka livsleidt, men kunde
ikkje faa det til lenger. Ho hadde denne litle løynlege
Jubelen inne i Bringa at ho skulde raake honom; og so
det at han verkeleg iddest gaa og tala med henne. Hjaa
Ebba raaka ho Uchermann og Lærar Opthun; den siste,
ein logn, vår Fyr, tok fraa henne all Hug til
Lærar-yrkje; men det gjorde kje noko. Ho iddest ikkje tenkje
so langt. I Kveld skulde ho raake Gram; og so skulde
dei gaa heilt ut-yvi til Grønlia...

Det var ein hyggjeleg Kar, den Opthun; men der var
noko dult ved han; han gjekk jamt som paa Hoseladdar.
Han hadde mykje aa fortelja. Men naar det kom til
Stykke, var det aldri han som hadde fortalt det; han
hadde inkje sagt. Vart ein soleis, naar ein var Lærar?
Naar han fortalde um Glyttegluggane i Skuledørine,
kunde ho tenkje seg det. Me hev slik ein framifraa og
drivande Inspektør, sagde Opthun; han veit at det ikkje
er godt at ein Lærar blir for trygg av seg. Det kunde
snart hende at den Vonde for i han, so han fekk Hug
til aa preike Vantru for Kristianiaungane; men daa
skal desse Gluggane minne han um, at det nok er dei
som passar paa han. Dei hadde Glyttegluggar inn til
Privatlive aat Lærarane au, forstod ho paa Opthun; der

259

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0261.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free