- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
260

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var Fisletutar som gjekk til Prestane og smurde sine
Knivar med aa fortelja um den veksande Vantrui; «den
og den held Dagbladet; den og den gjeng i
Arbeidar-samfunde» ... Og so var der namnlause Brev, som vart
upplesne i Skulestyre, der alle dei syttan Prestane i
Byen sat og lydde med lange Øyro ... Ein skulde ikkje
snakke um desse Løynbrevi som gjekk Prest og Prest
imillom, kvar Gong ein Lærar søkte Post; «dei Brevi
inneheld nok mangt og mykje! — Det er daa berre gode
Folk som fær Postar i seinare Tid, Folk med den rette
Trui, paalitelege Fisletut-Emne»... dei tok det ikkje
so strengt med mangt anna, naar berre den rette gode
Fislehügen var der; «ja slikt fortel Folk!» — Og no
vart daa den eine Læraren etter den andre innstemnd
og maatte vitne um sitt «Forhold til Pontoppidan»; og
dei syttan Prestane ladda um paa Skulane hjaa alle
som var mistenkte; so det galdt aa vera paa sin Post.
Ein visste aldri um deim, fyrr ein saag deim; dei kom
som Tjuvar um Natti, iser i Religionstimane; «daa gjeld
det, at Ungane er godt upptamde! Desverre kann ikkje
Presten sjaa Hjarto og Nyro; naar Ungane svarar rett
etter Pontopidan, so maa han luska av, han! Men dei
Pokkers Ungane, dei skynar godt, kor som til stend;
der er ein heil Frimurarskap millom Lærar og
Skuleborn ... Læraren er nøydd til aa plugge i oss dette-her;
men sjølv trur han sgu ikkje det Bøss... og so blir dei
so ugudelege, so —; hi-hi-hi! Det blir ei vantru Ætt
den, som élst upp under Glyttegluggesysteme! — Det
var uhuglegt aa høyre slikt; men Fanny slog det fraa
seg. Aa pytt, sagde ho; det er ikkje Skulen som gjer
det; lat berre Folk faa det godt, so blir dei nok glade
i Vaarherre! —

Ho var med i Likferdi til Fru Kahrs; det var verre
enn um ho skulde ha mist Mor si. Men det var ikkje

260

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0262.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free