- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
261

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vonlaust likevel. Inkje noko var vonlaust; ho hadde
noko aa gleda seg til. Berre det maatte vara. Ho skulde
krevja so lite, so lite; berre Gud vilde vera god og lata
det vara ei Stund.

Ho fekk Hug til aa vera snild og umgjengeleg; der
var mykje ved Folk som var forvitnelegt i Grunnen. Ho
kom nærare innpaa Lea, Syster si; kven skulde tru at
der var so mykje godt hjaa henne? Nedtyngd og
for-skipla var ho nok, Stakkar; men so hadde ho og havt
ein Barndom... det var stuslegt aa høyre henne
fortelja um Uppvokstren sin hjaa dei tvo Jomfruine: uff,
enn alt det stygge og leide ho der hadde høyrt og set.
Mykje av det var ikkje forteljande; han Far hadde no
ikkje heller vori som han skulde. Lea hadde vorti so
forskræmd, at daa ho vart vaksi torde ho mest ikkje
trulova seg; ho trudde det var usømelegt, det ög. Du
gjer deg ingin Tanke um kor faavis eg var, sagde Lea;
eg torde aldri vera i Lag med Thorseng aaleine; aldri
maatte han kysse meg eller mest koma nære meg; eg
var so skjemd og ille ved, at naar eg saag han, kunde
eg sige i Jordi! — Var du kje glad i han daa? — Jau,
eg var visst det ög, men —. — Korleis kunde du koma
til aa trulova deg daa? — Det var Frua som greidde
det; ho sagde fyri Svare og allting. — Frua ? — ja den
Frua i Drammen, som eg var hjaa... Du veit vel kva
du skal svara, sagde ho; men no maa du ikkje gløyme aa
takke vent for det gode Tilbode... Og det segjer seg
sjølv; slik ei fatig stakkars Gjente som eg var, so var
eg nok takksam; og so skreiv eg som ho sagde. Men
Gud, for ei Tid det var; aa, enn alt det eg hadde aa
vinne yvi... Du er sæl du, som hev fengi vekse upp
hjaa ho Mor!

Elles, heldt Lea fram, høyrde eg so mykje vondt um
ho Mor i mitt Uppvekstre, at eg mest ikkje heldt henne

261

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0263.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free