- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
262

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

heller for... eg hadde ikkje for høge Tankar korkje
um deg eller henne i den Tidi. Og so var eg so uppraadd
for Thorsengs Skuld... eg var so takksam mot han for
di han hadde teki slik ei Fatiggjente, at eg var paa
Veg til aa bli eit laakt Menneskje av det, trur eg.
Fanny forstod at Lea bad om Tilgjeving for gamle
Dagar; ho kysste henne og sagde: det var godt at du
fekk ein slik Mann.

Av Lea fekk Fanny vita sümt um Far sin; Lea trudde
det var ho Mor som var Skuld i Ulykka hans. Han
skulde ikkje vori gift med henne, sagde Lea; i rette
Røyndi var det nok ei onnor han tenkte paa og; men
ho Mor var ven veit du; og ho laag visst etter han i
den Tidi; og han Far var ikkje nettupp sterk ... Ho hev
aldri forstadi han Far, trur eg; han var i Grunnen eit
snildt, godt Menneskje. Og so var no ho Mor heller
vandlynd; og han Far hadde det ikkje nettupp med
Tolmod. — Det er rart aa høyre dette; ho Mor skyt Skuldi
paa han Far, ho. — Ja han Far kunde segja mykje
leidt um ho Mor ög; men so var det sumetider han
orsaka henne att; Skuldi er mi; det var eg, som hadde
beste Vite! sa han Far.

Aa, du skynar ikkje kor reint toskut eg hev vori i
alle Ting, sukka Lea stundom; det er forsett, at ein
skal vera soleis! Det er av deg at eg endeleg hev fengi
Tanke um eitt og anna... I Fyrstningi totte eg, det
var jaalut av deg aa sitja og antrast med Mannfolki um
alleslags Ting som ikkje vedkom oss; eg hev no aldri
høyrt eller set slikt eg, at ei ung Gjente hev fari aat
paa den Maaten... — Nei eg var visst djerv nok! lo
Fanny; men det var alltid so Moro aa erte denne
Tollaren, totte eg. — Ja eg skyna no at det ikkje var nokor
Raad med deg; og so tok eg til aa høyre etter; og daa
var det mang ein Gong mest som du kunde hava noko

262

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0264.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free