Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Rett og. Men eg er no so faavis; det er Uraad for meg
aa vita kva som er gali og rett; eg maa halde meg til
det eg hev lært og høyrt fyri meg, eg; men det er som
det hjelper aa høyre eitkvart nytt av og til endaa. —
Det var løglegt at eg skulde kunna vera til Hjelp for
nokon, totte Fanny.
Ho fekk Um tanke for Borni til Syster si; Lea skjemde
deim so reint burt etter hennar Meining. Du maa ikkje
kysse deim so mykje, sagde ho; du veit ikkje kor gali
det er! — Jau; Lea visste at det var gali; men eg kann
ikkje anna! Naar dei kjem med den vesle Tluten sin og
er so doe og tøte... og so dei smaae runde lubne
Armane kringum Halsen til Mor si... aa, var det dine, so
vart du ikkje likare sjølv! — Jau; Fanny vilde ikkje
taka det paa den Maaten; ho vilde vera for glad i deim
til dess. Og so maa du ikkje jamt gjeva etter for deim;
naar du hev sagt nei, so maa det vera nei daa! — Ja
men eg kann daa ikkje lata deim skrike, Stakkar! —
Lat deim skrike til dei vert leide; dei lærer snart at
det nyttar ikkje noko. — Aa, de snakakr so lett de,
som ikkje hev Born sjølve. Thorseng hjelpte Kona si.
Det er nok Mori som veit, kva som batar Barne best,
sagde han; Mødrane hev det av Naturen dei, skal eg
segja deg, Fanny. Kor skulde det elles gaa med dei
Borni som Mødrane aat ikkje hev det Slag Upplæring
sjølve? —
Tollaren gjekk i Huse som fyrr; han tok til aa eldast.
Han vart meir og meir skalleblank og meir og meir
skrinn; han var ikkje so modig som fyrr, og skravla
ikkje fullt so mykje heller. Fanny hadde vorti so van
med det gamle Vavrehorne at ho mest ikkje saag han.
Likevel var det noko eltesamt med han; alltid kjende
ho seg som forfylgd av tvo lurande svoltne Augo. Men
han var no reint meinlaus daa, Stakkaren. —
263
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>