- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
265

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

meg attende til Filistarlande til aa døy, døy seint og
stilt av innvendig Forbløding. Eg vil ikkje kunna halde
ut i denne Byen kor som er; han vil bli meg ein
Pinebenk og ei ævug Kvide; for alt som eg ser minner meg
um deg. Der hev du gjengi; paa den Benken sat me
saman; ved det Gatehyrna smilte du; utanfor den Døri
sagde du Ord som eg aldri gløymer; paa den Steinen
gleid du, men heldt deg fast i Armen min... Nei eg
reiser min Veg, til Heimstaden min; der skal eg draga
meg ikring som eit saara Dyr Resten av mitt Liv, og
tilbeda deg, du straalande Valkyrja mi, som gav meg
Live og tok det fraa meg att, med den same varme
mjuke Handi...»

— Aa det var vondslegt. Kvart Ord var ej Stynjing,
kvar Setning Graat; det mjuke i Vendingane, det
smeikjande Tonen fekk, kvar Gong han sagde «du»,
fortalde paa ein vedkjømeleg Maate um hans kvidefulle
Kjærleik. Og so skulde ho ikkje kunna svara anna enn
dette kalde, tome ... dette um Vénskap; det vilde klinge
som Spott; trengje inn i hans sjuke Sjæl som isande
Kalde; ho kjende det so vel. Ho saag Smilen hans, den
saare, skakke Smilen, ein beisk, blødande Smil; og her
sat ho, kald og hard, framand og fjerr, i Grunnen glad
for at han vilde reise.

XXI.

Det vart ein herleg Vaar.

Ho var ferdug med Skulen og fritt Menneskje til so
lengi. Og so hadde ho vorti so glad og ung.

Ein søt Fred fyllte henne, ei ny Kraft til aa liva. Ho
somna i glade Tankar og vakna i uppvellande Von; —
tenk um ho i Dag fekk sjaa han. Ho sytte for Inkje og
sakna Inkje; korkje framfari eller komande uroa henne;

265

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0267.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free