Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ho livde no, nettupp no; det kom noko stilt og
draum-tryllt yvi henne; ho gjekk som i ei søt Ørske, og gledde
seg meir yvi ein fin Solskinsdag enn yvi det Storhende
at Johan Sverdrup hadde vorti Statsminister.
Gud, so flirande som det var, dette gamle Floge
hennar etter «noko aa liva paa». Det fanst ikkje meir enn
ein Ting aa liva paa, og den Tingen var det faafengt aa
fljuge etter.
«Martha, Martha, du bryr deg med mange Slag; men
berre eitt er naudsynt» ... Det kom for henne at der
var Meining i Live hennar likevel. Hadde det ikkje
gjengi so og so, so hadde ho kannhende ikkje upplivt
dette. Elles kunde no det og det au ha hendt; og det
og det kunde vori betre uhendt. Men ho var fornøgd
no kor som var.
Umaateleg narrevori vart ho; skreiv tilmed Vers; og
denne Gongen skreiv ho um Kjærleiks Sæle. Ho tok
seg i at ho sat og grét yvi Bilæte fraa Huslive:
«All den Sæla som finst paa Jord
du eig som Viv og som Mor;
du elskar og maa
til Heimen traa;
der kann du det tyngste bera;
der er det godt aa vera.
Der tarv du kje lengte og stunde;
der tarv du kje gremjast og grunde;
du hev so nok
i din vesle Flokk;
den vil du fylgje og frede;
kvar Stund hev si Sut og Glede.»
I tidlege Morgonstundir dreiv ho um i Skogen og
sanka Blaaveis og batt Blomeduskar, svalla med
Smaa-fuglane som var aat med aa setja Bu, og lydde paa
Gauken, som gol langt inni Lidom. Ho skyna alt som
vart kvitra og skvatra i den vaknande Skogen; daa visst
266
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>