- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
269

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han var trøytt. «Kvalt av Departementsstøv og
Stats-tull.» Naar dei kom langt nok utanfor Byen, tok han
Armen hennar og drog Anden djupt: so, no er alt det
ikkje til lenger. Og han pusta ut endaa ein Gong; aah;
dette er noko anna. Ho vart varm av Sæle; tenk, no
hadde han det godt, og totte ikkje at ho var i Vegen.

Det var ei serskild Kjensle, dette. Ho var ikkje
«forelska» plent; ho vilde ikkje «ha» han; det var berre det,
at ho endeleg hadde funni eit Menneskje som ho hadde
heil Samkjensle med! Det var ikkje anna som turvtest.
Det var som Uchermann hadde sagt: den einaste Ulykka
i Live var aa kjenne seg aaleine; og no kjende ho seg
ikkje aaleine lenger.

Han vilde gjerne høyre um Live hennar fyrr; og endaa
dette ikkje kunde vera anna enn vanleg Folkeskikk av
han, vart ho overlag glad for det; og ho fortalde.
Dessverre var der ikkje noko aa fortelja, daa visst ikkje
noko som var verdt aa høyre paa; men kannhende han
kunde bry seg um aa høyre Sogo um Foreldri hennar;
og so fortalde ho den. Han høyrde paa henne med god
Bidlund, men sagde at Sogo var lite merkeleg. Sovori
hender kvar Dag, sagde han; det einaste rare i Sogo er
sgu De. — Eg? Kor daa? — Jau; etter alle Lærdomar
skulde De vera øydelagd, forstend De! Laak Arv, laak
Uppaling, baae Slagi... kor heng det ihop, at De hev
vorti... etter alt som eg kann forstaa ... ei reint gild
Gjente? Ho tottest ha fengi Løn for alt sitt Livs Strid
i desse rosande Ordi. Det var so vidt ho kunde svara:
eg veit ikkje rett! — Hev De vori gudeleg? — Ja; det
og. — Kannhende det er det, som hev hjelpt Dykk? —
Aa ... ja noko kanskje, endaa eg... Eg hev alltid havt
det for meg, at eg ikkje vilde missa Vyrdnaden for meg
sjølv. — Og so hev De vori hugteki ender og daa. —
Nei. Jau; i Aas, veit De, Vénen Dykkar... paa ein

269

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0271.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free